Nogva legg fabrikkplanar paa is
MØTTE STATSMINISTEREN: Nogva Motorfabrikk-sjef Kjell Norvoll (ståande) vaks opp på Haramsøya og hadde planar om å legge ein fabrikk dit. Med vindturbinar på Haramsfjellet blir det ikkje noko av, fortalde han statsministeren.
Nytt

Nogva legg fabrikkplanar på is

Med vindturbinar på Haramsøya opnar ikkje Nogva Motorfabrikk ny fabrikk på øya.

04.11.2020

Nogva Motorfabrikk kjøpte for fleire år sida bygget som tidlegare husa vindusprodusenten H-Produkter på Haramsøya, med tanke på å ta det i bruk når Nordøyvegen opna.

Les også: Satsar 4,5 millionar på Nordøyvegen

Planen var å legge utvikling og produksjon av hybrid- og elektriske motorar dit, fortalde dagleg leiar og medeigar Kjell Norvoll i Nogva Motorfabrikk då han og andre motstandarar av vindkraftutbygging på Haramsøya og i havet utanfor møtte statsminister Erna Solberg tysdag kveld.

No er planen om fabrikketablering i bygget på Haramsøya lagt på is.

- For oss er det ikkje lenger aktuelat, sa Norvoll til statsministeren.

Nogva Motorfabrikk-konsernet har 120 tilsette, har hovudkontor og produksjonsanlegg i Søvika i Haram, og anlegg på Grytastranda. Konsernet er også største eigar i Nogva Heimdal Propulsion i Molde. Bygget på Haramsøya blir i dag brukt som lager.

Uråd å rekruttere
Norvoll håpar framleis det er råd å stoppe utbygginga, men dersom vindkraftmotstandarane ikkje lukkast med å stogge utbygginga blir det ikkje fabrikk i bygget, seier han til NETT NO.

- Då satsar oss ikkje der, seier han.

Grunnen er at Norvoll reknar med at det blir så lite attraktivt å bu på Haramsøya at selskapet ikkje klarer å rekruttere folk, og spesielt ikkje spesialistar utanfrå, der naturen i havgapet kunne vere eit ekstra trekkplaster for å bu og jobbe på Haramsøya.

Ventar på rettsak
Vindkraftmotstandarane har gått til rettsak for å stogge utbygginga, og argumenterer der med at sakshandsaminga før løyvet til å bygge ut vart gitt ikkje oppfyller krava til forsvarleg sakshandsaming.

Målet er i første omgang å få ein mellombels stans i bygginga, før ei ny rettsak.

Regjeringa konkluderte 9. oktober at det ikkje er grunnlag for å trekkje tilbake løyva til å bygge ut.

Les også: Stoppar ikkje vindkraftarbeid på Haramsøya


Publisert: 04.11.2020 08:45

Sist oppdatert: 21.06.2021 20:11