Nok ei Havila Kystruten-utsetjing
Skal ikkje ut på første tur før 1. desember.
Den førre planen var å ta dei første passasjerane ut på tur Bergen-Kirkenes og retur med "Havila Capella" 26. september i år. Opphavleg skulle reiarlaget vere i gang med å trafikkere Bergen - Kirkenes med fire passasjer/gods-skip i starten av 2021.
No har Havila Kystruten utsett jomfruturen til 1. desember.
Ifølgje ei pressemelding gjer koronaepidemien og smitteverntiltaka mot den at Tersan Shipyard ikkje klarer å halde den førre tidsplanen.
I tillegg "har det oppstått uventede og uvanlige problemer med transformatorer." Det problemet er løyst, slik at "Havila Capella" kan gjennomnføre nye sjøprøver.
Det neste av i alt fire skip, "Havila Castor" har også fått utsett dato for første tur, til 20. januar 2020.
Publisert: 31.08.2021 15:09
Sist oppdatert: 31.08.2021 15:33