Gjermund Eide foto Marius
– TESTAR OSS: Tidlegare militærrådgivar i Nato, Gjermund Eide, meiner Russland forsøker å svekke støtta til Ukraina, men at dei ikkje ønsker ein konfrontasjon. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Nokon er ute og testar oss

Verda er ein meir utrygg plass. Det gir nye business-moglegheiter. Men er vi klare?

Marius Rosbach
30.12.2025

Tragisk og ironisk nok er det ofte slik at krig og uro er bra for business. Det kan i høgste grad slå inn for industrien på Nordvestlandet.

Det gjer samtidig at bedrifter og arbeidsliv får ein ny kvardag å orientere seg i.

– Det blir gjort mykje godt arbeid, og vi har fått eit vedtak i Stortinget som seier at vi skal bygge opp forsvaret, og vi har fått ei totalberedskapsmelding som seier kva samfunnet må gjere, seier Gjermund Eide.

Gjennom ti år var han militærrådgivar mens Jens Stoltenberg var generalsekretær i Nato. No er han tilsett i kommunikasjonsbyrået Kruse Larsen.

Jul- og nyttårsdagane legg NETT NO ut ei rekkje artiklar som tidlegare er publiserte i magasinet. Artiklane er opne også for ikkje-abonnentar. 

Når det gjeld sjølve gjennomføringa av eit beredskaps- og forsvarsløft, står det dårlegare til, meiner han.

– Det hastar med å gjennomføre mange av dei tiltaka som er lista opp, og eg synest dessverre det går litt for sakte. Vi burde teke litt meir risiko i anskaffingane. Nokre gonger er det slik at om du tenker eit halvt år på kva vi treng, så er bestillinga utdatert når ho kjem.

Sjoforsvaret foto Johnny Larsen Forsvaret
OPPRUSTING: Forsvaret står framfor ei betydeleg opprusting, mellom anna gjennom ei rekke nye fartøy. Det kan gi store moglegheiter for den maritime industrien. Foto: Johnny Larsen/Forsvaret

– Nokon er ute og testar oss 
Krigen i Ukraina har vist korleis spelereglane på slagmarka kan endre seg på få veker. Samtidig blir Russland opplevd som ein nabo som viser stadig mindre respekt for både folk og landegrenser.

– Vi må ta inn over oss at vi opplever det eg kallar ein skuggekrig. Det er ei hybrid krigføring der dronar dukkar opp ved flyplassar, ein dam på Vestlandet blir opna av hackarar, og GPS-signal blir jamma.

– Nokon er ute og testar oss, og det må vi stå opp mot, legg han til.

Nokon er ute og testar oss, og det må vi stå opp mot
Gjermund Eide

Trur Putin vil svekke Ukraina-støtte
Eide er ikkje i tvil om at hensikta med den hybride krigføringa er å svekke den vestlege støtta til Ukraina.

– Eg trur Putin skjønar at ein konfrontasjon med Vesten eller NATO er noko han ikkje vil klare eller ønske. Viss han ved å fly dronar inn over Polen får folk til å tenke at dei burde behalde meir av luftvernet sitt sjølve framfor å sende det til Ukraina, så har han oppnådd noko.

– Kanskje det også er for å undergrave dei politiske styresmaktene våre og skape usikkerheit i samfunnet vårt, legg Eide til.

Romsdalskonferansen salen foto marius
FULLT HUS: På Romsdalskonferansen var det knapt eit sete ledig då tryggleik stod på dagsorden hausten 2025. Foto: Marius Rosbach

Industrien møtest om forsvarsoppdrag
Interessa for seminar og konferansar med forsvar som tema illustrerer korleis industrien i regionen har svart på den nye kvardagen.

Allereie hausten 2024 handla det meste på verftskonferansen i Ålesund om opprusting av forsvaret og tryggleikspolitikk.

Da klyngeorganisasjonen Blue Maritime Cluster bad inn til tryggleiks- og beredskapsseminar i mai 2025, opplevde dei rekordpåmelding.

Deltakarlista omfatta både dei store konserna, men også mellomstore og mindre bedrifter - blant dei fleire som aldri har hatt oppdrag for forsvaret tidlegare.

Ei av åtvaringane bedriftene fekk høyre, gjaldt korleis russiske bedrifter som er underlagde sanksjonar, kan ta i bruk kreative metodar for å sikre seg utstyr.

Året før fortalde Vard at dei truleg fekk stoppa ein fordekt leveranse til eit russisk selskap. Bestillinga gjaldt avansert teknologisk utstyr, og kjøparen gav seg ut for å vere frå eit finsk selskap.

Else May Botten foto Marius 11
FØRST I LANDET: Statsforvaltar Else-May Botten i Møre og Romsdal var først ut i landet med å arrangere beredskapskurs for leiarar. Dei har vore svært populære og har deltakarar frå både offentleg og privat sektor. Foto: Marius Rosbach

Først ut i landet med leiarkurs
Fleire gonger i veka snakkar statsforvaltar Else-May Botten i Møre og Romsdal med leiarar, bedrifter, kommunar og frivillige om utfordringane som ei meir uroleg verd fører med seg.

Ho var først ute i landet med å innføre eit kurs for toppleiarar i samarbeid med politiet og heimevernet. Det har vorte svært populært og er planlagt med nye deltakarar to gonger i året framover.

Det fjerde kurset starta opp i oktober, og her deltok toppsjefar både i offentleg og privat sektor.

– Det handlar om å vere vaken på post, å stå i utfordringane som toppleiar – og å skjøne at endringane i ei meir uroleg verd påverkar oss, seier ho.

– Vi er opptekne av at næringslivet må på bana. Dei har også lært mykje av kvarandre. Målet er å bygge eit sterkt leiarlag for tryggleik og beredskap med større kriseforståing – og ikkje minst kunnskap om handtering av kriser.

– Det kjem ikkje fleire åtvaringar
På kurset får deltakarane mellom anna råd om korleis dei bør handle med enkelte land.

– For eksempel når det gjeld å bygge båtar i andre land: Ein må vere klar over på kva måte ein då blir sårbar. Kva teknologi blir installert om bord, kven har moglegheit til å overvake den? Det handlar også om mannskapet om bord og kva nasjonalitet dei har, seier Botten.

Ho påpeiker at bedriftene samtidig må sjå føre seg ulike scenario. PST har alle-

reie åtvara om at det kan skje sabotasjeaksjonar på norsk jord.

– Det kjem ikkje fleire åtvaringar. Framover må vi vere budde på at det skjer, seier statsforvaltaren.

Det kjem ikkje fleire åtvaringar
Else-May Botten

– Gjeld å rigge eigen organisasjon
Totalberedskap handlar ikkje minst om korleis ein «held hjula i gang» om det verste skulle oppstå.

– Alle bør spørje seg om dei klarer å få ting raskt opp å gå igjen om det skulle skje noko uføresett. Dette gjeld alt frå transport- og kraftbransjen til eigenberedskapen i befolkninga, seier Botten.

For somme handlar det om å ha ei leiing som er i stand til å sette ut i livet det som trengst for å ta vare på datatryggleiken. For andre kan spørsmålet vere korleis ein kan halde fram produksjonen i gitte situasjonar.

– Det gjeld å rigge eigen organisasjon, men også vere gode i lag – både fylke, kommunar og næringslivet, legg ho til.

Publisert: 30.12.2025 05:00

Sist oppdatert: 29.12.2025 20:46

Mer om