Nor Fishing avlyst
AVLYST: Neste Nor Fishing blir i 2022. Årets fiskerimesse er avlyst. Etter messa i 2018 oppsummerte pressetalsmann Erik Hempel (biletet) at det var registrert 19.500 besøk og utstillarar frå 60 land.
Nytt

Nor Fishing avlyst

Stoppa av korona-tiltak.

27.04.2020
Etter at regjeringa laurdag forlenga forbodet mot arranangement som samlar meir enn 500 personar avlyste Nor Fishing-arrangøren i Trondheim messa i 2020.
Nor Fishing er den største fiskerimessa i Noreg og samlar også eit internasjonalt publikum. Under Nor Fishing 2018 var det over 60 bedrifter og andre aktørar frå Nordvestlandet som deltok.
Fiskerimessa blir arrangert annankvar år og alternerer med oppdrettsmessa Aqua Nor.
Ei spørjeundersøking hos dei som hadde meldt seg på i år viste at det ikkje var stemning for å utsette messa til våren 2021. Dermed ble det avlysing.

Publisert: 27.04.2020 16:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56