Nor Fishing opnar paa nett
PÅ PLASS: Marknadsdirektør Marit Selstad og konsernsjef Hans Petter Selstad i Selstad-konsernet under oppdrettsmessa Aqua-Nor i 2019. På årets Nor-Fishing er messestanden på nett.
Nytt

Nor-Fishing opnar på nett

Koronaepidemien gjorde at den tradisjonelle fiskerimessa Nor-Fishing blei avlyst, men arrangørene prøver seg på nett.

18.08.2020
I dag opnar statsminister Erna Solberg messa, som har omlag 200 påmeldte utstillarar og hadde i går ettermiddag 1000 registrerte besøkande.
For to år sidan hadde Nor-Fishing omlag 500 utstillarar med stand i utstillingshallane i Trondheim - over 60 av dei frå Nordvestlandet- og 19.500 registrerte besøkande. Samanlikna med den tradisjonelle messa er årets nettversjon ein miniversjon av Nor-Fishing, men uansett kjem erfaringane frå årets nettarrangement til å bli ført vidare når messa er tilbake i tradisjonell form.
- Vi kjem også til å ha ein digital versjon ved sidan av, seier pressetalsperson Erik Hempel i Nor-Fishing.
Nor-Fishing blir arrangert i Trondheim annakvart år, og alternerer med oppdrettsmessa Aqua-Nor.

Kundemøte på nett

Fiskeutstyrsleverandøren Selstad er ein av de som skal delta på nettversjonen av Nor-Fishing.
- Nor-Fishing er ei begivenheit vi alltid ser fram til, seier konsernsjef Hans Petter Selstad.
Men i år blir kundemøta på Nor-Fishing som dei fleste kundemøta ellers har vore etter at koronaepidemien kom, på nett. Den som klikkar seg inn på Nor-Fishing får ei oversikt over utstillarane. Bak utstillarlogoane er det selskapa sjølve som bestemmer kva som skal visast. Hos Selstad er det alltid ein person til stades som potensielle kundar kan snakke med, samstundes som heile produktkatalogen er tilgjengleg.
Selstad seier den største utfordringa med kundemøte på nett er å møte nye kundar.

Foredrag og konferansar

Nettversjonen av Nor-Fishing går over tre dagar, 18.-20. august, med opning klokka 10.00 i dag, tysdag 18.august.
Foredrag og diskusjonar blir overført direkte og er opne for registrerte besøkande, og innlegga blir lagra og kan sjåast i ettertid i to år framover.

Publisert: 18.08.2020 09:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01