Nor Fishing tel paa knappane
TRANGT OM PLASSEN: Over 19.000 var innom dørene under Nor Fishing 2018. I år er det usikkert om fiskerimessa blir noko av.
Nytt

Nor-Fishing tel på knappane

Ber utstillarane avklare kva som er siste frist for avlysing, medan ein anna fiskerimesse går på nett i juni. 

14.04.2020
Denne veka får utstillarane på fiskerimessa Nor-Fishing i Trondheim i august i år, spørsmål om kva som er absolutt siste frist for å avgjere om det blir messe eller ei. Svarfristen er fredag 17. april. Ei avgjerd om Nor-Fishing 2020 blir noko av, kan bli teken allereie neste veke.
Tidlegare i år er den store sjømatmessa i Brussel utsett på ubestemt tid på grunn av koronaepidemien.
Nor-Fishing alternerer med oppdrettsmessa Aqua Nor, og om årets arrangement blir avlyst blir neste Nor-Fishing i 2022.

Virtuell messe

Utstyrsleverandøren MMC First Process svarte på Brussel-avlysinga med å arrangere sitt eigne kundemøte på nett dei dagane Brussel-møta skulle vere.

Les også:


Oli Samro i fiskeridata-selskapet Fishfacts tek ideen eit langt stykke vidare og arrangerer ei virtuell internasjonal fiskerimesse over to dagar i juni. Målet er å spleise utstyr- og serviceleverandørara med fiskarar og fiskeriselskap via nettet, der det både blir råd å sjå presentasjonar og avtale møte mellom kundane. Tanken er at mange aktørar er tilgjengleg for kvarandre desse to dagane.
Deltakarane skal bruke sine eigne kommunikasjonsplattformer under messa, Fishfact si rolle er å lage koblinga mellom aktørane.

Forbod til 15. juni

Norske styresmakter har forbode konserar, messer og liknande arrangement som samlar store folkemasser.
Forbodet gjeld til 15. juni i år. Regjeringa har ikkje sagt når det kjem ei avklaring om kva som skal gjelde etter 15. juni. I Danmark er slike arrangement forbode for heile sommaren.

Les også:


Publisert: 14.04.2020 14:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56