Med 49 mot 19 stemmer har det ekstraordinære årsmøtet i Nord Fiskarlag stemt ja til at dei tre medlemslaga i Norges Fiskarlag, Nord Fiskarlag, Sør-Norges Fiskarlag og Fiskebåt, skal vere likt representert i Norges Fiskarlag sine styrande organ, skriv avisa Kyst og Fjord. I dag har Nord Fiskarlag fleire representantar enn dei to andre.
Framlegget som fekk fleirtal går også inn for at Norges Fiskarlag sin pioltikk er at fordelinga av fiskekvotar mellom ulike fartøy og fartøygrupper skal ligge fast, så sant ikkje eit kvalifisert fleirtal vil noo anna.
Med dette vedtaket har Nord Fiskarlag kome Fiskebåt i møte på krava Fiskebåt har sett for å ikkje melde seg ut av Norges Fiskarlag.
Fiskebåt, som organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten, har landsmøte tysdag 11. og onsdag 12. februar. Der skal medlemsspørmålet diskuterast og stemmast over.
På veg ut
På sitt ordinære årsmøte i oktober i fjor sa Nord Fiskarlag klart nei til å innfri Fiskebåt sine krav. Etterpå har årsmøta til alle dei tre regionlaga i Fiskebåt gått inn for utmelding - men med atterhald med tanke på at Nord Fiskarlag kunne kome til å ombestemme seg.
I mellomtida har også Sør-Norges Fiskarlag gått ut og sagt at det laget ikkje vil halde fram i Norges Fiskarlag saman med berre Nord Fiskarlag. Det kan ha påverka vurderinga til årsmøtedeltakarane i Nord Fiskarlag.
Artikkelen blir oppdatert
Med vedtaket på det ekstraordinære årsmøtet i Nord Fiskarlag er ballen no hos Fiskebåt og landsmøtedeltakarane der, i neste veke.
Paraplyorganisasjon
Norges Fiskalag er ein paraplyorgansisasjon som organiserer både tilsette og eigarar i fiskeflåten, frå små fiskebåtar med berre eigaren ombord til store havgåande fartøy.
Organsisasjonen blei etablert i 1926.
Publisert: 03.02.2025 18:05
Sist oppdatert: 03.02.2025 18:20