Nord helikopter
NEDTUR: Inntektssvikt i 2021 for Nord Helikopter, men i 2022 ser det betre ut. Foto: Nord Helikopter
Nytt

Ser lysning etter tøft fjorår

Nord Helikopter tapte pengar og måtte permittere tilsette i fjor. No ser ein lysning.

17.06.2022

Det går fram av årsrapporten til det Ålesund-baserte helikopterselskapet med hovedbase på Vigra.

Medan ein i åra 2017 til 2019 flaug inn mellom 70 og 81 millionar kroner, har oppdragsmengda dala kraftig under pandemien.

I fjor stoppa omsetninga på 42,9 millionar kroner, og resultatet før skatt vart minus 5,2 millionar.

Nord Helikopter
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 42,9 52,5
Driftsresultat -2,8 0
Resultat før skatt -5,2 -3,3

Landsdekkande
Nord Helikopter har 26 årsverk og åtte moderne helikopter.

Sjølv om ein har basar i Bergen og på Vigra, har selskapet sidan 2007 vore ein landsdekkande leverandør av helikoptertenester.

Blant anna tar selskapet på seg transport av personell om materiell, bygging av kraftlinjer, og deltar også i film- og fotojobbar.

Selskapet har også eit eige turisthelikopter, med plass til seks passasjerar og bagasje.

Flakk-eigd
Nord Helikopter er heilegd av Flakk-familien gjennom Flakk Inustri.

Selskapet har ein samla eigenkapital på 29,9 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 79,1 millionar.

Publisert: 17.06.2022 12:30

Sist oppdatert: 17.06.2022 11:35

Mer om