Nordfjord kastar seg paa oel boelgja
NYKOMAR: Oljearbeidarturnusen til Tomas Gjerde ( t.v.) er god å ha for eit nystarta bryggeri basert på arbeid på fritida. Gjerde starta Olden Bryggeri saman med Andreas Sunde (t.h.), Geir Inge Beines og Frode Myrold.
Nytt

Nordfjord kastar seg på øl-bølgja

Nordvestlandet har fått sitt sjette bryggeri. 

23.01.2017
Etter lanseringa i fjor haust fekk Olden Bryggeri innpass i butikkane i Stryn. No skal dei ta steget utanfor heimkommunen.
Ein avtale med Coop Vest gir Olden Bryggeri innpass i Coop Vest si lokalmatsatsing i Sogn og Fjordane og på Søre Sunnmøre.

Blir det suksess har godkjenningane i Coop Vest også opna døra for mogleg distribusjon til butikkar i resten av Coop-systemet.

Småskala

Olden Bryggeri er eit typisk småskalabryggeri, der grunnleggarane og eigarane Tomas Gjerde, Andreas Sunde, Geir Inge Beines og Frode Myrold driv bryggeriet på fritida.
Opphavleg var planen å selge bryggeriutstyr til heimebryggarar, men i fjor bestemte dei seg for å satse på eige øl.
Det langsiktige målet er å kome opp i nok sal til å forsvare minst ei stilling på heiltid.

Turistøl

I tillegg til å nå kundar i Sogn og Fjordane og Sunnmøre er Olden Bryggeri og retta mot turistmarknaden, der bryggeriet håpar reisande vil ta med seg ølet heim som ein suvernir frå besøket.
Olden Bryggeri kom søskenbarna Ante Giskeødegård og Lars Berg Giskeødegård i forkjøpet med øl-satsinga si. Giskeødegård og Giskeødegård, som og står bak festivalarrangøren Momentium, planlegg eit bryggeri i Ålesund sentrum i samband med satsinga på Sydsiden-området som kultur- og underhaldningsbydel.

Startfasen

Med unntak av Trollbryggeriet i Liabygda i Stranda er bryggeria Nordvestlandet framleis i startfasen. Dei samla driftsinntektene var under fem millionar kroner i fjor, og Trollbryggeriet sto for meir enn halvparten.

Publisert: 23.01.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:05