Nordfjord og O Ersta ut av Amfi
NY KJEDE: Til hausten skal Amfi-skiltet skiftast ut med eit nytt på kjøpesenteret i Ørsta (biletet) og på Nordfjordeid.
Nytt

Nordfjord og Ørsta ut av Amfi

Amfi-kjøpesentra i Ørsta og Nordfjord blir ein del av Løseth-familiens nye kjøpesenterkjede.

05.03.2019
I løpet av året skal Olav Thon og hans mangeårige samarbeidspartnar Lars Løseth skille lag.
Løsethfamilien i Surnadal (80 prosent) byggjer opp ei ny kjøpesenterkjede saman med Sørbøefamilien (20 prosent) på Sørlandet.
Til saman vil den nye kjeda, som førebels heiter LL Drift, drive 18 kjøpesenter, frå Svolvær i nord til Mandal i sør. To av sentra som blir med over er altså Amfi Nordfjordeid og Amfi Ørsta, to jamnstore senter med høvesvis 376 og 384 millionar kroner i omsetning i 2018.
Amfi Moa (2823 millionar kroner) og Amfi Ulsteinvik (262 millionar kroner) blir verande i Olav Thon-gruppa.
- Vi tek over dei sentra der vi har hatt ein eigarandel, seier administerande direktør Lars Ove Løseth i LL Drift.

Vil bli større

Lars Ove Løseth og Lars Løseth (far og son) kjem til Nordfjordeid og Ørsta neste veke for å blir betre kjent med aktørane på sentra og markere at sentra der blir formelt tatt over rundt 1. april.
Sjølve omprofileringa av sentra, med nye skilt og nytt namn, skal skje tidleg i haust.
Til saman har dei 18 sentra ei samla omsetning på 8,8 milliardar kroner. Målet er å bli større.
- Vi ønskjer å forvalte fleire senter og kome opp i volum, seier Lars Ove Løseth.
Løsethfamilien er medeigar i bygningane til 16 av dei 18 kjøpesentra i den nye kjeda. 13 av sentra i den nye kjeda er, heller har vore, Amfi-senter.

Må legge om

Kjøpesentra i Noreg hadde ein svak vekst i fjor, og prognosen for handelsnæringa er ytterlegare press på lønsemda.

- Varehandelen har vore pressa siste åra, spesielt tekstil. Innhaldet i kjøpesentra må tilpasse seg over tide. Det er ikkje noko nytt, men endringa no gå kanskje raskare enn før, seier Løseth.
Omlegginga i kjøpesentra omfattar til dømes meri plass oppleving og serving, til erstatning for tradisjonell handel.
- Spesielt servering er den bransjen som har størst omsetningsvekst dei seinare år, seier Løseth.

Publisert: 05.03.2019 13:07

Sist oppdatert: 23.06.2021 13:02

Mer om