Nordfjordeid faar landstraum anlegg
KABEL: Eit nyutvikla landstraumanlegg for flytande foldbare kaier blir utvikla for å forsyne cruiseskip som kjem til Nordfjordeid med straum. Med straum frå land kan skipa slå av motorane og dermed også eksosutsleppa ved landligge. Biletet er frå første cruiseskipsanløpet til Nordfjordeid, sommaren 2019.
Nytt

Nordfjordeid får landstraum-anlegg

Seinast frå 2023 skal Nordfjordeid ha klart landstraum-anlegg for cruiseskip.

16.12.2020
Statsforetaket Enova gir 19,2 millionar kroner i støtte for at det skal byggast eit anlegg som kan forsyne cruiseskip på Nordfjordeid med straum frå land.
Vilkåret er at landstraumanlegget er klart til drift seinast 1. januar 2023. Målet er å vere klar til 2022-sesongen.
Nordfjordeid fekk besøk av sitt første cruiseskip i 2019 og ventar kraftig vekst i besøka framover, sjølv om koronaepidemien sette ein stoppar for trafikken i år.

Planla landstraum

Målet har heile tida vore å kunne forsyne cruiseskipa med straum frå land. I følgje Sogn og Fjordane Energi har Nordfjordeid straumkapasiteten som skal til. Det er berre snakk om å grave nokre hundre meter med kabelgrøft sa ordfører Alfred Bjørlo til NETT NO i februar i år.
Landstraumselskapet Plug og SeaWalk Nordfjord - som eig cruisekaia og driv cruisehamna - skreiv tidleg i år under ei intensjonavtale om å finne ein ny type landstraum-løysning for cruiseskip, der Nordfjordeid blir første stad løysinga skal takast i bruk. Til skilnad frå Bergen og Ålesund, der cruiseskipa legg til ved faste kaier, har Nordfjordeid ei flytande foldbar kai og landstaumløysinga må tilpassast den kaia. Også Geiranger har ei slik foldbar kai.

Plug er eigd 50/50 av BKK og Bergen Havn. Seawalk Nordfjord er eigd av Lefdal Invest, Seawalk AS og Stad kommune.

Mest støtte

I alt sju landstraumanlegg har fått varsel om støtte frå Enova i dag.
Tilsaman 48,35 millionar kroner er delt ut, der tildelinga på 19,2 millionar kroner til anlegget på Nordfjordeid er den største. Eit kaianlegg i Tromsø får tilsamen 15,6 millionar. Resten er fordelt på anlegg i Stavanger, Bergen, Florø og Avaldsnes.
Enova er eit statleg foretak, eigd av Klima og miljødepartement, som gir støtte til tiltak som reduserer utslepp frå forbrenningsmotorar og bidrar til teknologiutvikling.

Publisert: 16.12.2020 09:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:09