Arild Åshamar hamnesjef Nordfjordeid foto Ogne
VEKST: Hamnesjef Arild Åshamar på Nordfjordeid tek i mot årets første cruiseskip 18 februar og det siste i slutten av oktober. Han ventar ny besøksrekord i år. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nordfjordeid ventar cruise-rekord

Starta med 19 cruiseskip-besøk i 2019. I år har nesten 90 fartøy reservert plass.

02.01.2025

Tysdag 18. februar skal hamnesjef Arild Åshamar i Nordfjordeid hamn ta i mot det første cruiseskipet i 2025-sesongen, som varer ut oktober.

Per i dag har nesten 90 skip sikra seg plass, dei fleste i høgsesongen frå mai og ut september. 

I fjor og i 2023 hadde Nordfjordeid hamn omlag 70 cruise-besøk. Sjølv om det blir endringar i lista over skip som kjem på besøk ligg 2025 uansett an til å blir eit rekordår, både målt i skipsbesøk og i talet på cruisepassasjerar som kjem til Nordfjordeid, seier Åshamar.

Tilbakemeldingane til Nordfjordeid hamn er at plasseringa midt i Nordfjord gjer cruisehamna attraktiv fordi det er eit utgangspunkt for besøk til attraksjonar langs heile fjorden, seier han.

Nordfjordeid har ei flytekai som kan foldast ut når skip kjem på besøk, der passasjerane kan spasere på land. Som regel er det eitt skipsbesøk om dagen, men nokre dagar til Nordfjordeid mot to skip, der det eine brukar flytekaia og det andre sender passasjerar til og frå land med mindre båtar.

Startar i dag
I Ålesund startat cruisesesongen i dag, med cruiseskipet Balmoral med plass til 1350 passasjerar på besøk.

I 2023 var Ålesund den største cruisehamna i Noreg etter å ha gått forbi Bergen på statistikken over talet på besøkande cruisepassasjerar (men ikkje i antal skipsbesøk).

I år ventar Ålesundregionen Havnevesen 291 cruiseskipsbesøk, der det siste skal kome 29 desember. Bergenserane ligg an til 330 reserverte cruiseskipsbesøk i år.

I Molde startar cruiseskipsesongen 14. januar og blir avslutta 14. november, med i alt 79 planlagte besøk per i dag. På Åndalsnes startar sesong 15.mars og blir avslutta 30.desember. Der er er det per i dag bestilt plass til 73 skipsbesøk i år.

Nordfjord Hamn IKS har per i dag ikkje ei offentleg tilgjengleg liste over cruiseskipsbesøk i 2025 og Nett No har heller ikkje lukkast med å få svar på førespurnadar om ei slik oversikt. Nordfjord Hamn organisererer hamnene utanom Nordfjordeid. I 2024 hadde Nordfjord Hamn 152 cruiseskipsbesøk.

Publisert: 02.01.2025 12:19

Sist oppdatert: 02.01.2025 12:19