H Avbryn Roaldsnes foto Nordic Wildfish Holding
NY EIGAR OG NYTT NAMN: Havbryn har fått nytt namn på skutesida før eigarskiftet. Foto: Nordic Wildfish Holding.
Nytt

Nordic Wildfish-konsernet kjøper Havbryn

Overtek trålaren frå Astrid Strand.

08.09.2025

Nordic Wildfish overtek tysdag Havbryn frå Astrid Strand. 

Med kjøpet av seitrålaren får Nordic Wildfish-konsernet på Valderøya sin tredje trålar, i tillegg til Synes og Molnes. 

Etter salet av fiskefartøyet Stornes i 2023 kunne fiske Nordic Wildfish-konsernet fiske kvotane sine med to fartøy, men den overgangsperioden er over og kjøpet av Havbryn vil sikre at alle kvotane kvotane kan fiskast fullt ut.

I samband med eigarskiftet skiftar fartøyet namn, frå Havbryn til Roaldnes.

For usikkert
Dagleg leiar Anders Bjørnerem seier til Nett No at Nordic Wildfish-konsernet har vurdert både brukt og nybygg som sin nye båt.

Prisen på eit nybygg er ein av grunnane til at dei valde brukt.

Den andre hovudårsaka er uvisse om rammevilkåra for investeringa. Problemet er å vite kva som er rett fartøy om nokre år.

Den uvissa er mellom anna skapt av kvotemeldinga som regjeringa kom med i fjor, ifølgje Bjørnerem. Den omfordelte fiskerkvotar frå store til mindre fartøy.

Tilbyr alle jobb
Nordic Wildfish-konsernet kjøper Havbryn utan kvotar. Dei blir liggande att i Havbryn-selskapet i påvente av nybygget som skal kome neste år.

Partane er samde om å ikkje opplyse prisen.

Alle dei omlag 50 tilsette på Havbryn får tilbod om jobb etter eigarskiftet, seier Bjørnerem.

Astrid og Solveig Strand foto Ogne
NYBYGG PÅ VEG: Havbryn-eigar Astrid Strand (t.v) har ny båt under bygging. No har ho selt dagens Havbryn (biletet). Til høgre Solveig Strand. Arkivfoto: Ogne Øyehaug

Glad for lokal kjøpar
Astrid Strand har vore majoritetseigar av Havbryn, gjennom selskapet med same namn. 

Ho har ein ny trålar under bygging hos Vard, som etter avtalen skal leverast 15. september 2026.

Arbeidet med å få seld Havbryn har pågått eit års tid, og Strand seier ho er glad for å ha fått seld båten idet ho kallar ein ganske tung marknad.

– Eg føler meg heldig som har fått seld båten, og så er eg glad for å ha fått seld den lokalt, seier ho. 

Publisert: 08.09.2025 16:28

Sist oppdatert: 08.09.2025 20:55

Mer om