Nordmenn maa laere seg aa booke foer dei reiser
ÅLESUND: Hektiske dagar i fellesferien for Anita Nøring, John-Arne Riise Apelset frå Hareid og resten av staben ved turistinformasjonen i Ålesund. Ho meiner nordmenn må verte flinkare å booke før avreise.
Nytt

- Nordmenn må lære seg å booke før dei reiser

Hotella og restaurantane har vore fulle, og slett ikkje alle har fått plass. 

05.08.2020
- Det er mange som har fått seg ei overrasking når dei har kome til Ålesund og andre stader på Sunnmøre, og det ikkje har vore råd å få verken hotellrom eller bord på restaurantane.
- I fellesferien har dette vore tilfelle mange dagar.

Ein annaleis sommar

Det seier Anita Nøring, som er dagleg leiar for turistinformasjonen i Ålesund.
Ho fortel om ein svært annaleis sommar for dei tilsette på turistinformasjonen, som er ei avdeling av Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.
- Normalt er her svært mange utanlandske turistar, men i år har det vore nordmenn. Masse nordmenn.
- Og dei har hatt heilt andre spørsmål enn det vi er vande til å svare på.

- Enkelte har vorte skuffa

Ho fortel om familiar som kjem for å vere ei heil veke, og ber om tips om kva dei skal finne på den veka.
- Mange er ikkje så godt oppdaterte om dei ulike tilboda som dei utanlandske turistane gjerne er.
Nøring seier at ein har prøvd å hjelpe alle, så godt ein kan, blant anna med forslag om alternative opplegg.
- Enkelte har vorte skuffa når det ikkje har vore ledig på dei aktivitetane dei mest kan tenke seg.

Les også:




- Rekordomsetning

Rundt 200 bedrifter i 12 kommunar har Destinasjon Ålesund og Sunnmøre avtale med.
Nøring fortel om ein svært hektisk sommar for mange.
- Enkelte har hatt rekordomsetning, og tok litt igjen av tapet under koronanedstenginga.
Samstundes har tilstrøyminga vore litt vêravhengig.
- Det er ikkje like lett å selje padleturar i styrtregn som det er å selje raftingturar. Når du raftar, vert du uansett våt likevel.

Spente på august og september

Ho seier at mange av reiselivsaktørane no er veldig spente på korleis resten av august vert, og vidare framover.
- Ferien er snart slutt for nordmennene, og ein er derfor avhengig av utanlandske turistar for å halde oppe aktiviteten.
I det siste har det auka på med utlendingar.
- Tyskarar og danskar kom same dagen som at reiserestriksjonane vart oppheva, men no er det usikkert kva for land som vert grøne eller raude framover.

Mange vil fiske

Ho seier at mange av turistane har vore imponerte over mangfaldet av tilbod.
- Men vi kunne ha seld mange fleire fisketurar. Det er mange som etterspør det, og har lyst å prøve fiskelukka i ein time eller to.

Les også:




Mange er ikkje så godt oppdaterte om dei ulike tilboda som dei utanlandske turistane gjerne er.

Publisert: 05.08.2020 05:55

Sist oppdatert: 11.06.2021 10:44