NTB Aj P Kc4 I Udp A
STOR EKSPORTØR: Meir enn kvar fjerde fisk som blir selt i EU, kjem frå Noreg. Men eksporten blir hemma av ein jungel av reglar og tollsatsar. No vil Noreg ha fri marknadstilgang i EU for norsk sjømat. Foto: Tolletaten / NTB / NPK
Nytt

Noreg ber EU droppe toll på norsk fisk

Fiskeripolitikken kan stå i vegen for Noregs ønskedraum.

(NPK-NTB – Bibiana Piene): – Vi vil ha fri marknadstilgang for norsk sjømat i EU. Verken meir eller mindre, seier statssekretær Vidar Ulriksen (Ap) til NTB.

Tysdag deltok han på eit møte i EUs marknadsråd – Market Advisory Council – der fiske og handel stod på menyen. Ønske frå Norge er null toll på all sjømat som blir eksportert frå Noreg til EU.

– Sjømat frå Noreg er møtt med eit svært komplisert handelsregime, påpeika Ulriksen overfor fiskebyråkratar og representantar for ulike organisasjonar.

Møtet i marknadsrådet kan sjåast som eit aldri så lite oppspark til eit forhandlingsmøte om EØS-midlane, som finn stad neste veke. Parallelt skal det nemleg forhandlast om tilgangen for norsk sjømat i EU.

– Viktigaste leverandør
Over ein firedel – 27 prosent – av all sjømat EU importerer, kjem frå Noreg.

– Noreg er EUs desidert viktigaste leverandør, seier Ulriksen, som peikar på at fisk frå Noreg skaper minst 20.000 arbeidsplassar i europeiske land.

Heile 60 prosent av all norsk sjømat går til Europa, som dermed er Noregs desidert viktigaste marknader.

Men norske fiskeeksportørar må ta omsyn til over 500 tollkodar som varierer frå 0,9 til oppimot 25 prosent. Jo meir omarbeidd fisken er, jo høgare er tollsatsane.

I tillegg blir eksporten regulert av ei lang rekkje ulike kvoteordningar – til éin felles marknad.

Norge stiller dårlegare
– I sum er systemet komplekst og gir lite føreseielegheit for bedrifter som er involverte i handelen, påpeikar Ulriksen.

Noreg stiller også dårlegare når det gjeld marknadstilgang enn andre land.

– Mange av produkta våre møter framleis tollbarrierar, medan EU nyleg har gitt fri marknadstilgang til land som Vietnam, Canada, Japan og Storbritannia, påpeikar statssekretæren.

– Import av sjømat frå land som geografisk ligg nærare EU, og som dermed er meir klimavennleg, må gjerast enklare, meiner statssekretæren.

Fell i dårleg jord
Men dei norske argumenta fell tilsynelatande i dårleg jord i EU.

Så lenge Noreg oppfører seg som ei bølle i fiskeripolitikken, kan dei berre gløyme at EU opnar dørene meir for norsk sjømat, var reaksjonane blant fleire av dei som tok ordet etter Ulriksens innlegg.

– Så lenge vi ikkje kan løyse dei fiskeripolitiske problema, ser eg inga løysing på denne saka, sa ein.

Noreg og EU har i årevis krangla om korleis mellom anna makrellkvotane skal fordelast. Nyleg skulda EUs fiskerikommissær Noreg for å drive overfiske på makrell fordi Noreg har auka kvotane.

Norske styresmakter meiner på si side at sidan det sym meir makrell i norske sjøområde enn før, gir det rett til å fiske meir.

Ikkje med på koplinga
Ulriksen seier Noreg har ein forsvarleg fiskeripolitikk og meiner dei to tinga – fiskeripolitikk og sjømat – og ikkje kan koplast saman.

– Vi går ikkje inn på den vegen. Dei får kople så mykje dei vil. Vi er ikkje med på den koplinga, seier han.

Publisert: 20.09.2023 07:59

Sist oppdatert: 20.09.2023 10:09

Mer om