Norges foerste Grandiosa hotell
GRANDIOSAHOTELL: Dagleg leiar Ina Eldøy ved Stranda hotel løftar fram lokale merkevarer som Grandiosa i samarbeid med Orkla Foods, men hotellet marknadsfører seg også saman med Grilstad og Slettvoll.
Nytt

Norges første Grandiosa-hotell

Et så mykje Grandiosa du klarer. Det er eitt av konsepta Stranda hotell har innført i samarbeid med lokale leverandørar.

07.08.2020
- Ein kan meine det ein vil om Grandiosa, men det vert trass alt seld 20 millionar Grandiosa i året.
- Grandiosa er eit utruleg sterkt merkenamn, og målet er at alle som elskar Grandiosa skal reise hit til Stranda.
Det seier dagleg leiar Ina Eldøy ved Stranda hotell.

Orkla Foods-samarbeid

Etter avtale med Orkla Foods har hotellet innleidd eit samarbeid med pizzafabrikken på Stranda. I tillegg til eit stort utval av ulike variantar av Grandiosa, tilbyr hotellet konseptet ‘Ekte kjærlighet’ der dei som bestiller opphald på hotellet får ete så mykje Grandiosa dei klarer.
- Dette er spesielt populært blant barnefamilier, seier Eldøy.
No vert det diskutert å utvide konseptet med arrangement som Grandiosa Ski-cup og Grandiosa fotballskule.
- Vi bur midt i eit norsk industrieventyr, og det skulle berre mangle at vi ikkje brukte dette i marknadsføringa av hotellet.

Strandaskinke og Slettvoll-møblar

Men det er fleire andre lokale merkenamn som vert trekte fram.
I samarbeid med Grilstad, er det både Strandaskinke og Strandamør til frukost, og møblane til det nyoppussa bassenget er det møbelprodusenten Slettvoll som står for.
- Så langt er responsen svært god på at vi løftar fram det lokale.

Individuell frukostservering

Eldøy seier at hotellet skal vere for folk flest, og at sommarsesongen har vore god etter koronanedstenginga.
- Juli var ein svært god månad, og det ser også bra ut utover hausten med bestillingar frå større grupper.
Det lokaleigde hotellet har 62 rom, og kan ta imot 123 gjestar.
- Vi har hatt 110 gjestar til frukost, der alle har fått individuell servering. Dette vil vi halde fram med, seier Eldøy.

Skeptisk til utanlandske bussgrupper

Ho er oppatt av at Stranda ikkje har hatt eitt einaste koronatilfelle.
- Alle som kjem hit får ei flaske antibac når dei sjekkar inn.
Ho er skeptisk til å ta imot utanlandske bussgrupper.
- Usikkerheita knytta til om eit land er grønt, gult eller raudt i morgon, viser at vi kanskje har opna opp for mykje, for tidleg.
- No ser det ut til at vi må ta eit par steg tilbake, og det synst eg er greit.

- Enorme mulegheiter

Eldøy overtok som dagleg leiar ved nyttår etter at ho i fjor haust gjorde ein marknads- og driftsanalyse for eigarane.
Ho har tidlegare leia tre Radisson-hotell i Stavanger, og blant anna vore ansvarleg for Avinors merkevarebygging.
Ho meiner at Stranda og Stranda hotell har enorme mulegheiter.
- Mottoet vårt er at vi skal vere den beste utgåva av oss sjølve.

Lokal satsing

Bak hotellet står investorane Frode Håkon Kjølås, Kjetil Nordang, Per Magne Grøndahl, Bjarte Tunold og Stig Jarle Rødseth.
Dei har investert rundt 30 millionar kroner i oppussing av rom og basseng.
I tillegg er dei sterkt involverte i storsatsinga på Strandafjellet skisenter.


Grandiosa er eit utruleg strekt merkenamn, og målet er at alle som elskar Grandiosa skal reise hit til Stranda

Publisert: 07.08.2020 11:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00