Norled ferje foerst til aa skrapast
FØRST I KØEN: Norled-ferja Jondal ligg an til å bli det første fartøyet som blir resirkulert ved Green Yard Kleven, fortel konsernsjef Hans Jørgen Fedog.
Nytt

Norled-ferje først til å skrapast

Green Yard-sjefen trur på ein «heilt ny industri» med resirkulering av skip her til lands. Ei ferje frå 1974 markerer starten på verksemda på Kleven.

Marius Rosbach
18.12.2020

Konsernsjef Hans Jørgen Fedog i Green Yard er spent på det vidare arbeidet med kondemnering av skip på Kleven. Førebels må verftsarbeidarane vente litt før sjølve arbeidet kan ta til.

Ei bilferje bygd i 1974 ligg an til å bli fartøyet som markerer starten på denne verksemda i Green Yard Kleven. Ferja MS Jondal som har vore eigd av Norled, ligg allereie til kai ved verftet i Ulsteinvik.

– Når alle godkjenningar er på plass, er dette den første båten som skal resirkulerast, fortel konsernsjefen til NETT NO.

Det er fylkesmannen som gir dei nødvendige løyva, som skal sikra at alt blir gjort på rette måten. Desse håper han skal vere på plass innan kort tid.

– Vi håper å vere i gong i løpet av første kvartal neste år, seier han.

Førebur område for resirkulering
Green Yard-sjefen hadde onsdag teke turen til Sunnmøre i anledning at verftet dei overtok i sommar, sikra sin første byggekontrakt.

Det mykje omtala skipet som blei bestilt som eit forsyningsskip i 2014, skal no bli eit skreddarsydd vindkraftskip for reiarlaget Rem Offshore i Herøy.

Verftet er i gong med å førebu areal for resirkulering ved beddingen på austsida av verftsområdet. I sommar drog dei første arbeidarane frå Kleven til hovudkontoret i Agder for opplæring.

Vrakpantordning: – Ein god start
Styresmaktene har dei siste åra fått på plass ei støtteordning, eller sokalla vrakpant for skip. På statsbudsjettet neste år er det sett av 150 millionar kroner, og offshoreskip er teke inn i ordninga.

– Eg meiner at dei 150 millionane er ein god start for på den tonnasjen som allereie ligg i opplag, seier Fedog.

Fleire meiner summen som er sett av til skraping er for lite, og erfaringa so langt er at den er lita nytta.

NETT NO omtala nyleg Stig Remøy sitt initiativ til å få på plass eit langt større fond. Herøyreiaren har antyda at 50-60 båtar bør ut av marknaden for å få balanse i oljeservicemarknaden.

«Ein heilt ny industri»
Green Yard-sjefen er samd med Remøy i at det må ut eit betydeleg tal båtar frå marknaden, for at ratene skal bli normalisere seg. Han rosar også Remøy sitt initiativ til å få på plass ei slik fondsløysing som kan gjere ein skilnad for offshoremarknaden.

– Og med store tonnasjar av båtar som blir teke ut, kan ein bygge ein heilt ny industri med resirkulering i Norge, meiner Fedog: – Men om ein skal kome opp på det nivået som Stig Remøy snakkar om, så må fondet opp i storleik, legg han til.

Konsernsjefen påpeiker at kontrakten på Rem-skipet er viktig for å ha nok arbeid til det blir større volum i kondemneringsoppdraga.

– Etter vår meining er det også viktig at styresmaktene no ser nøye på korleis dei kan bidra med finansiering og tiltak som kan føre til at fleire skip byggast om. Det er mindre kapital i marknaden i dag, og det stiller større krav til tiltaka frå det offentlege, legg han til.

Les også: Kleven tilset dei første nye tidleg neste år

Jobbar for større fond for skraping av skip

Analyse: Ei bragd om kondemneringsfondet blir etablert

– Det er julekvelden for Kleven i dag


Om ein skal kome opp på det nivået som Stig Remøy snakkar om, så må fondet opp i storleik

Publisert: 18.12.2020 05:55

Sist oppdatert: 28.06.2021 22:45