(NPK-NTB-Lars Eide): Landssjef Trond Mellingsæter i Danske Bank meiner vi vil ha det litt dårlegare økonomisk neste år enn i 2020, men at Noreg er «relativt friskmeldt» neste år.
Dei økonomiske effektane av koronapandemien har vore inngripande i Noreg. Mellom anna er det innan reiseliv og transport ein femdel av arbeidsstyrken som er heilt arbeidslause.Ifølgje førebelse tal frå Nav tysdag denne veka er 13,3 prosent av arbeidsstyrken i Noreg registrert som arbeidssøkjarar. 8,2 prosent av dei heilt eller delvis arbeidslause er permitterte.
Mellingsæter i Danske Bank er likevel optimistisk og vil ikkje samanlikne dagens situasjon med 1930-talet og depresjonen.
– Situasjonane kan ikkje samanliknast. Norsk næringsliv ligg berre i dvale, ikkje i grøfta, som var situasjonen i 1930. Det er rett at arbeidsløysa i dag er ekstremt høg, men ho vil falle raskt når kvardagslivet blir normalisert, skriv Mellingsæter i ei e-postutveksling med NTB om framtida til norsk økonomi på kort og lang sikt.
– Rett nok vil enkelte bransjar, som reiseliv og transport, ha utfordringar, men som heilskap vil norsk økonomi vere relativt friskmeld neste år, hevdar han.
Synet til Danske Bank blir støtta av SSB, Noregs Bank og Finansdepartementet: Noreg vil ved starten av neste år ha eit aktivitetsnivå som er like under der det var før koronakrisa.
– Ein av «katastrofespådomane» til fleire økonomar har vore at spareraten skal bli verande høg med etterfølgjande lågare forbruk, men det trur vi ikkje på. Dei første tala tyder på at forbrukarar relativt raskt finn tilbake til det gamle forbruksmønsteret sitt, forklarer han.
Spareraten har vore unaturleg høg den siste tida på grunn av strenge reglar frå styresmaktene.
– Rentene er allereie på null. Er krigskassen tom, eller har sentralbankar og styresmakter meir att å stimulere med om friskmeldinga ikkje kjem?
– Verktøykassa er langt frå tom. Noreg har ein sjølvstendig sentralbank, eigen valuta og eit oljefond. Noregs verktøykasse får Clas Ohlson til å sjå ut som isenkramsbua på hjørnet, forklarer Mellingsæter.
(©NPK)
Dei økonomiske effektane av koronapandemien har vore inngripande i Noreg. Mellom anna er det innan reiseliv og transport ein femdel av arbeidsstyrken som er heilt arbeidslause.Ifølgje førebelse tal frå Nav tysdag denne veka er 13,3 prosent av arbeidsstyrken i Noreg registrert som arbeidssøkjarar. 8,2 prosent av dei heilt eller delvis arbeidslause er permitterte.
Mellingsæter i Danske Bank er likevel optimistisk og vil ikkje samanlikne dagens situasjon med 1930-talet og depresjonen.
– Situasjonane kan ikkje samanliknast. Norsk næringsliv ligg berre i dvale, ikkje i grøfta, som var situasjonen i 1930. Det er rett at arbeidsløysa i dag er ekstremt høg, men ho vil falle raskt når kvardagslivet blir normalisert, skriv Mellingsæter i ei e-postutveksling med NTB om framtida til norsk økonomi på kort og lang sikt.
– På rett kjøl
– Vi vil ha det marginalt dårlegare ved utgangen av neste år enn ved inngangen til 2020. Med blikket mot 2025 trur vi verdsøkonomien og norsk økonomi er på rett kjøl og veks som før, spår Mellingsæter.– Rett nok vil enkelte bransjar, som reiseliv og transport, ha utfordringar, men som heilskap vil norsk økonomi vere relativt friskmeld neste år, hevdar han.
Synet til Danske Bank blir støtta av SSB, Noregs Bank og Finansdepartementet: Noreg vil ved starten av neste år ha eit aktivitetsnivå som er like under der det var før koronakrisa.
Forbruket skal opp
Nordmenn vil truleg spare meir av inntekta framover som følgje av koronakrisa, men Mellingsæter trur ikkje vi kjem til å spare oss til fant.– Ein av «katastrofespådomane» til fleire økonomar har vore at spareraten skal bli verande høg med etterfølgjande lågare forbruk, men det trur vi ikkje på. Dei første tala tyder på at forbrukarar relativt raskt finn tilbake til det gamle forbruksmønsteret sitt, forklarer han.
Spareraten har vore unaturleg høg den siste tida på grunn av strenge reglar frå styresmaktene.
Noreg godt rusta
Mellingsæter er imponert over handlekrafta og responsen til regjeringa gjennom konsekvensane av pandemien. 29. mai er det venta at regjeringa kjem med ein pakke som skal få hjula i gang att.– Rentene er allereie på null. Er krigskassen tom, eller har sentralbankar og styresmakter meir att å stimulere med om friskmeldinga ikkje kjem?
– Verktøykassa er langt frå tom. Noreg har ein sjølvstendig sentralbank, eigen valuta og eit oljefond. Noregs verktøykasse får Clas Ohlson til å sjå ut som isenkramsbua på hjørnet, forklarer Mellingsæter.
(©NPK)
Vi vil ha det marginalt dårlegare ved utgangen av neste år enn ved inngangen til 2020
Publisert: 25.05.2020 10:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57