NPK-NTB: Med kutt i oljeproduksjonen på 250.000 fat dagleg i juni og 134.000 fat per dag i andre halvår håper Noreg å stabilisere marknaden.
– Det er stor ubalanse i marknaden. Oljeprisen har falle 70 prosent sidan starten av 2020. Vi er i ein ekstraordinær situasjon, seier olje- og energiminister Tina Bru (H) til .
I ei pressemelding onsdag kveld gjorde ho greie for grepet til regjeringa.
– Den totale norske produksjonen i desember 2020 vil samla vere 300.000 fat per dag lågare enn det selskapa har planlagt for. Reguleringa vil opphøyre ved utgangen av året, skriv Bru der.
I tillegg vil produksjonsstart på fleire felte blir forseinka til 2021.
– Vi har tidlegare sagt at vi vil vurdere eit kutt i Noreg dersom fleire store produsentland kuttar tilstrekkeleg. Regjeringas avgjerd om å kutte i norsk oljeproduksjon er gjort på sjølvstendig grunnlag og for å sikre norske interesser, seier Bru i ei pressemelding.
– Dette er eit betydeleg kutt. Derfor har vi òg gjort ei grundig vurdering. Dette gjer vi først og fremst for å sikre norsk økonomi og norske arbeidstakarar, som er avhengig av ein høgare oljepris, seier ho til TV 2.
Eit kutt på 134.000 fat per dag i andre halvår gir ei øvre grense for gjennomsnittleg oljeproduksjon frå norsk sokkel gjennom halvåret på 1.725.000 fat per dag.
Kuttet vil ifølgje departementet bli fordelt på enkeltfelt og gjennomført ved at det blir gitt reviderte produksjonsløyve.
– Det vil medføre ei avgrensing i produksjonen for dei oljeselskapa som har eigardelar i oljefelta. Gassfelt er sett bort frå, slik at kuttet ikkje vil påverke norsk gassproduksjon eller norsk gasseksport, seier Bru.
– Det er stor ubalanse i marknaden. Oljeprisen har falle 70 prosent sidan starten av 2020. Vi er i ein ekstraordinær situasjon, seier olje- og energiminister Tina Bru (H) til .
I ei pressemelding onsdag kveld gjorde ho greie for grepet til regjeringa.
– Den totale norske produksjonen i desember 2020 vil samla vere 300.000 fat per dag lågare enn det selskapa har planlagt for. Reguleringa vil opphøyre ved utgangen av året, skriv Bru der.
I tillegg vil produksjonsstart på fleire felte blir forseinka til 2021.
Sikre norske interesser
Bakgrunnen for kuttet er at koronaviruspandemien og omfattande smitteverntiltak i store delar av verda har store konsekvensar for den økonomiske aktiviteten og dermed også etterspørselen etter olje.– Vi har tidlegare sagt at vi vil vurdere eit kutt i Noreg dersom fleire store produsentland kuttar tilstrekkeleg. Regjeringas avgjerd om å kutte i norsk oljeproduksjon er gjort på sjølvstendig grunnlag og for å sikre norske interesser, seier Bru i ei pressemelding.
– Dette er eit betydeleg kutt. Derfor har vi òg gjort ei grundig vurdering. Dette gjer vi først og fremst for å sikre norsk økonomi og norske arbeidstakarar, som er avhengig av ein høgare oljepris, seier ho til TV 2.
Gassfelt unntatt
Kuttet tek utgangspunkt i ein referanseproduksjon på 1.859.000 fat olje per dag. Dermed blir det ei øvre grense for oljeproduksjon på norsk sokkel på 1.609.000 fat per dag i juni.Eit kutt på 134.000 fat per dag i andre halvår gir ei øvre grense for gjennomsnittleg oljeproduksjon frå norsk sokkel gjennom halvåret på 1.725.000 fat per dag.
Kuttet vil ifølgje departementet bli fordelt på enkeltfelt og gjennomført ved at det blir gitt reviderte produksjonsløyve.
– Det vil medføre ei avgrensing i produksjonen for dei oljeselskapa som har eigardelar i oljefelta. Gassfelt er sett bort frå, slik at kuttet ikkje vil påverke norsk gassproduksjon eller norsk gasseksport, seier Bru.
Den totale norske produksjonen i desember 2020 vil samla vere 300.000 fat per dag lågare enn det selskapa har planlagt for
Publisert: 30.04.2020 10:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56