Norske skip foerst med metanol
METANOL: Sjøfartsdirektør Olav Akselsen er nøgd med at reiarlaga bak dei første metanolskipa i verda vel å flagga norsk. Haugesund er heimehamn for lasteskipet Mari Jone, medan Bergen er heimehamn for lasteskipet Lindanger. 
Nytt

Norske skip først med metanol

Dei to norske lasteskipa Mari Jone og Lindanger er dei første havgåande skipa i verda som kan bruka metanol som drivstoff.

18.04.2016
(NPK): Dei to skipa blei måndag døypte i ein høgtideleg seremoni i Ulsan i Sør-Korea, der dei er bygde.
Det er reiarlaga Westfal-Larsen i Bergen og Marinvest og Waterfront Shipping i Haugesund som eig dei to skipa, og begge skipa blir registrerte i Norsk Internasjonalt skipsregister (NIS) når dei blir leverte til reiarlaga sine, opplyser Sjøfartsdirektoratet.
– Dette viser at Noreg er verdsleiande i å leggja ti rette for miljøvennleg teknologi. Det er gøy at dei første skipa som går på metanol får norsk flagg, seier Næringsminister Monica Mæland (H).

Spesialutvikla motorar

Begge lasteskipa er ustyrte med spesialutvikla motorar som kan gå på både metanol, tungolje, marin dieselolje eller marin gassolje.
– Ved bruk av metanol er det mogleg for fartøya å oppfylla utsleppskrava innanfor ECA-områda utan at det er behov for å reisa avgassane, skriv Sjøfartsdirektoratet, som har samarbeidd tett med reiarlaga i prosessen. (©NPK)

Publisert: 18.04.2016 13:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:55