Nortel-avtale med børsnotert selskap
Samarbeid med forhandlarkjede sikra ny avtale.
Nortel skal levere sine tenester til den norske delen av det rådgivande ingeniørselskapet Rejlers, som er børsnotert i på NASDAQ-børsen i USA.
"Avtalen omfatter leveranse av mobilabonnement til alle ansatte, maskin til
maskin i tillegg til integrasjonsløsninger for blant annet tale i teams", heter det i børsmeldingen frå Nortel.
Avtalen gjeld i første omgang for to år og omfattar 150 brukarar, ifølgje Nortel-sjef Christian Pritchard.
Avtalen er eit resultat av samarbeidet med Mobit, som forhandlar tele-og it-system og utstyr. Nortel og Mobit signerte ein samarbeidsavtale tidleg i år.
Les også
Nortel blei børsnotert i november 2020.
Første børsdag var aksjekursen 22 kroner og svinga rundt det nivået fram til slutten av august 2021.
Deretter steig kursen kjapt og har svinga rundt 26 kroner sidan. I dag var kursen ved børsopning 27,50 kroner per aksje, som verdset selskapet til 396 millionar kroner.
Publisert: 22.12.2021 10:38
Sist oppdatert: 22.12.2021 12:42