Christian pritchard nortel 11
KJEM MED TAL: Nortel-sjef Christian Pritchard. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Nortel startar resultatsesongen

Etter dagens kursutvikling å døme skal teleselskapet kome med gode tal i morgon.

24.04.2023

Nortel startar resultatsesongen for 1. kvartal for dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet i morgon tidleg.

I dag steig aksjekursen i mobiltelefoniselskapet i Ålesund 7,91 prosent. Berre Havila Shipping hadde eie betre kursutvikling samanlikna med kursen fredag i førre veke.

Det marknaden først og fremst ventar på frå Nortel si side er nytt om kva som blir utfallet av vurderingane selskapet gjer i høve til fleire potensielle friarar som har meldt seg.

Nortel om interesse frå både norske og utanlandske selskap i ei børsmelding 15. mars i år. Då steing aksjkursen til 30 kroner, opp 22,14 prosent, då børsen opna. Den kursen verdset selskapet til 564 millionar kroner.

30 kroner er kursen Nortel-aksjen slutta på i dag også. Etter 15. mars har kursen varietrt mellom 34,40 og 27,80 som alt er over verdien selskapet har hatt før meldinga om dei potensielle friarane kom på banen. Nortel har lova at ei avklaring om vegen vidare skal kome før sommaren.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Havila Shipping 17,00 13,94 %
Nortel 30,00 7,91 %
Golden Energy Offshore Services 1,14 2,70 %
Arctic Bioscience 11,00 1,85 %
Norva 24* 28,65 1,24 %
Hexagon Composites 31,42 0,51 %
Sparebanken Møre 77,67 0,22 %
Salmon Evolution 7,89 0,13 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 3,10 0,00 %
Hav Group 10,60 -0,47 %
Atlantic Sapphire 5,20 -0,95 %
Hexagon Purus 22,00 -1,57 %
Endúr 46,00 -2,75 %
Hofseth Biocare 3,38 -2,87 %
Statt Torsk 0,92 -4,17 %
Havila Kystruten 9,14 -4,19 %
*Svenske kroner

Publisert: 24.04.2023 17:04

Sist oppdatert: 24.04.2023 17:20

Mer om