NOG 1 Mari Strom Larsen Torfinn Torheim Kay Ove Johansen Knut Arild Svein Lende Camilla Hidalgo foto nog
Leiar i NOG Electro, Mari Strøm Larsen, finansdirektør Torfinn Torheim og dagleg leiar Kay Ove Johansen i Norwegian Group ,Knut Arild, Svein Lende og Camilla Hidalgo. Doto: Norwegian Group
Nytt

Norwegian Group-oppkjøp

Blir 70 prosent-eigar i elektrofirma.

22.01.2026

Norwegian Group i Volda kjøper aksjemajoriteten i elektrofirmaet Cnp i Tønsberg, fortel Norwegian Group i ei pressemelding.

Cnp har hovudtyngda av kundane sine i olje-, gass og fornybar kraft-bransjen og har rundt 90 tilsette. I 2024 hadde selskapet 102 millionar kroner i driftsintekt og ein million kroner i resultat før skatt.

Norwegian Group har allereie 45 tilsette i datterselskapet NOG Electro, men vil utvide elktrosatsinga.

– Skal vi lukkast med både fornybar energi og industriell verdiskaping, må vi eige meir av den kritiske kompetansen sjølv. Oppkjøpet av CNP styrkar konsernet sin  tekniske ryggrad og gir oss langt større gjennomføringskraft både i drift, vedlikehald og modifikasjon, seier konsernleder Kay Ove Johansen i Norwegian Group i pressemeldinga

Kva Norwegian Group betalar for aksjane er ikkje oppgitt.

Dagleg leiar Knut Arild Renstrøm held fram i Cnp etter oppkjøpey og vil eige 20 prosent av selskapet. Dei siste ti prosent av aksjane blir eigd av to andre personar.

Artikkelen blir oppdatert

Over 500 tilsette
Med dette kjøpet har Norwegian Group over 500 tilsette.

I 2024 nådde konsernet nesten 400 millionar kroner i driftsinntekt (sjå tabell under). Det var ei dobling på tre år.

Norwegian Group-konsernet har vindkraftindustrien. og olje- og gass-bransjen som store kundar. Selskapet nyttar klatre- og sikringsteknikk frå fjellklatring for å kunne utføre arbeid på installasjonar og anlegg der stillas er dyrt og vanskeleg å ta i bruk.

KOJ Holding AS (Norwegian Group-konsernet)  
Tal i mill. kroner20242023
Driftstinntekt399,2301
Driftsresultat10,915,5
Resultat før skatt6,813

Publisert: 22.01.2026 08:08

Sist oppdatert: 22.01.2026 08:26

Mer om