Notabene er gjennom kriseoppstart
OPE: Notabene på Moa og dei fire andre butikkane til Harald Enersen (innfelt) har halde ope gjennom heile koronakrisa. no nærmar omsetninga seg eit akseptabelt nivå att, seier Enersen.
Nytt

Notabene er gjennom kriseoppstart

Med fem butikkar og landsdekkande netthandel har bokhandelgründeren frå Ålesund takla ein tøff oppstart midt i koronakrisa.

Marius Rosbach
02.06.2020

Bokhandelkjeda Notabene fekk ein tøff start etter at ålesundaren Harald Enersen i vinter satsa vidare på fem butikkar og netthandel.

Den landsdekkande kjeda med fleire enn 40 butikkar gjekk konkurs mot slutten av fjoråret, og dei fleste blei lagt ned.

Enersen som tidlegare har bygd opp Bokkompaniet og Boklageret, tok over namnet og dei fem butikkane på Moa, i Ulsteinvik, Vestnes, Måløy og Molde.

– Vi har nyleg lansert nettbutikk som har gitt oss ein oppsving. Moglegheita til å drive netthandel under ei landskjent merkevare og samtidig behalde dei lokale butikkane gir synergiar, som var noko av hovudårsaka til at eg ville satse på dette, fortel Enersen til NETT NO.

Har halde ope gjennom krisa
Som dei fleste innan varehandelen, har også bokhandelbutikkane hatt svikt i inntektene. Likevel har dei halde ope gjennom heile krisa.

– Eg tenker at det har vore viktig å vise oss fram etter konkursen. Sjølv om vi har eit etablert merkenamn, ser vi på oss sjølv som ei nysatsing, seier bokhandelgründeren.

Butikkane har utvida tilbodet på leik og spel – og fått god draghjelp frå auka sal i løpet av dei siste månadene.

– Spel, leikar, aktivitetshefter og anna som kan aktivisere folk i heimen, har hatt eit oppsving. Også på bøker har det vore jamn handel den siste tida og no nærmar omsetninga seg eit akseptabelt nivå att, fortel Enersen.

Boksalet hadde ein god start med ei auke i salet på meir enn ti prosent per februar, men per april ligg bransjen bak fjoråret, ifølgje tak frå bokhandelforeininga.

Omsetningsvekst då krisa kom
I Ulsteinvik hadde butikksjef Marianne Brandal Haugen hatt betre omsetning ved inngangen til mars, enn ho hadde hatt dei to siste åra. Det endra seg etter at koronakrisa slo til i midten av månaden.

nettnohalf

– Det var eit stort skjær å møte i oppbyggingsfasen for det nye selskapet. Med oppussinga i januar og auka fokus på bok- og leikebutikk, hadde vi fått ein veldig fin start på året, fortel Brandal Haugen.

No ser ho positivt på framtida, og gler seg til sesongen med uteleikar og påfølgande skulestart over sommaren.

Størst nedgang på Moa og Molde
Butikkane på Amfi Moa og i Molde er dei som har hatt størst nedgang i den lokale kjeda. Enersen meiner ein sms frå Ålesund kommune, som mellom anna åtvara folk mot å besøke kjøpesenteret på Moa, bidrog betydeleg innleiingsvis.

– Etter kvart som folk oppdaga at smittesituasjonen på Nordvestlandet ikkje var så ille, så starta dei å gå i butikkane igjen. Vi såg at der vi låg plassert saman med apotek, daglegvare og vinmonopol, så har det etter forholda gått bra, fortel Enersen.

Det samsvarar med meldingar frå varehandelen elles, som viser at mindre kjøpesentera som ligg der folk bur, har klart seg betre, enn dei største sentera.

Kontantstøtte og lette på husleiga
Fleire av bokhandelbutikkane til Notabene vil få hjelp via kontantstøtteordninga. Ordninga skal hjelpe bedriftene med dei faste utgiftene.

I tillegg har alle huseigaren letta på betaling av husleige – og i Vestnes krediterte huseigaren leiga for heile april.

– Det sett vi veldig stor pris på, fortel Enersen.

Butikksjefane har stort sett vore på jobb gjennom krisevekene, medan dei fleste andre tilsette anten har vore permitterte og ekstrahjelpene har fått færre timar på jobb.

– Årsaka til permitteringane har vore reduksjon i opningstidene, fortel Enersen.

Les også: Her er 4.457 heilt eller delvis ledige

Vil gi lønnstilskot til bedrifter for å ta tilbake permitterte

To hotell har no fått mest i krisestøtte på Nordvestlandet

– Som regel ordner ting seg bedre enn mange frykter

Har fått 49.000 i kontantstøtte i snitt


Det var eit stort skjær å møte i oppbyggingsfasen for det nye selskapet

Publisert: 02.06.2020 05:55

Sist oppdatert: 07.09.2021 09:10