Notoey paa investorjakt
MEDEIGARAR: Håvard Notøy i Fostech har arbeidd med å få inn investorar sidan august i fjor.
Nytt

Notøy på investorjakt

Håvard Notøy i Fostech vil hente inn mellom fem og ti millionar kroner i ny eigenkapital til selskapet.

03.01.2019
Fostech i Fosnavåg har spesialisert seg på AR-teknologi, der brukarane får fram tredimensjonale bilete og annan informasjon på brilleglaset, samstundes som dei ser omgjevandane rundt seg.
Brillene kan også filme, slik at til dømes folk i kontrollsentralen på land ser det same som operatøren ombord i eit skip eller plattform.
I fjor la Notøy satsinga på utvikle AR-teknologi for skuleverket på is, mellom anna fordi det blei ei for tung og tidkrevande satsing for ei lita bedrift.

Tøff haust

I staden reindyrka han satsinga mot privat næringsliv, men hausten i fjor blei tøff, seier Notøy.
Han gjekk sjølv inn med 450.000 kroner i ny eigenkapital og gav eit lån på 235.000 kroner til selskapet. Etter den kapitalutvidinga er han eineaksjonær. Samstundes har han arbeidd med ei større kapitalutviding sidan august i fjor.
Målet var å gjennomføre ein emisjon der investoren/investorane gjekk inn med 9,7 millionar kroner og blei eigar av 20 prosent i selskapet.
Responsen frå lokale investorar er så langt ikkje som håpa, og Notøy har utvida det geografiske området, mellom anna til Bergen og Oslo.

Permittert

Det viktigaste formålet med emisjonen er å finansiere utviklingsarbeid som gjer at Fostech kan lansere eigne produkt i staden for å berre bistå andre produsentar av maritim utstyr til å ta i bruk AR-teknologi.
Fostech blei etablert i 2015. I dag har Fostech tre tilsette i arbeid, i tillegg til to permitterte.

Selskapet hadde 1,9 millionar kroner i driftsinntekter i 2017 og eit resultat før skatt på 55.000 kroner.

Publisert: 03.01.2019 11:34

Sist oppdatert: 07.03.2024 14:04

Mer om