Novela inn i GRS Riflestocks
MEIR VEKST: Oscar, Oddvin og Håvard Haugen i GRS Riflestocks har tre gongar så mange tilsette i dag enn då dei dreiv som underleverandørar til møbelindustrien.
Nytt

Novela inn i GRS Riflestocks

GRS Riflestocks auka salet med nesten 60 prosent i fjor. Har gått frå sju til 25 tilsette på fem år. No går investeringsselskapet Novela inn på eigarsida.

21.03.2017
Historia om GRS Riflestocks i Hornindal starta eigentleg med at storebror Håvard Haugen kjøpte sitt første "Guns & Ammo" som niåring. Det gjorde veldig inntrykk på både han og fire år yngre Oscar.
- Vi har skote og herja på så lenge eg kan hugse, seier Oscar. Han er dagleg leiar, medan broren arbeider med produktutvikling.
Novela går inn med ny kapital og pengane til å styrke både marknadsføring og produktutvikling.
Novela har etablerte selskapet Novela Outdoor as, som blir 40 prosent eigar i GRS Riflestocks, medan familien skal eige 60 prosent.
- Den raske veksten selskapet har hatt, med relativt små ressursar, gjer oss svært optimistiske med hensyn til dei moglegheiter vi ser for vidare utvikling av verksemda, seier Lasse V. Kjønstad i Novela Management i ei pressemelding.

Gull verdt

Den store jakt og våpeninteressa viste seg å vere gull verdt då finanskrisa råka Grodås Mønsterteknologi. Bedrifta var ein underleverandør til møbelindustrien og hadde rett og slett ikkje eksistert i dag om Håvard og Oscar hadde fortsett på det sporet, i følgje far og medeigar Oddvin Haugen.
Haugen-brørne la om til å lage rifleskjefte for jakt og konkurranseskyting.
- Vi måtte ha noko vi hadde kontroll på sjølve i forhold til marknadsføring og satsing - og det har du ikkje som underleverandør, seier Oscar Haugen.

Frå sju til 25

Då Oscar og Håvard tok over aksjemajoriteten frå sine foreldre i 2009 hadde bedrifta sju tilsette. Rekorden var åtte.
No er dei oppe i 25 tilsette og kapasiteten er i ferd med å bli sprengt. Svaret er truleg å gå over til to skift og tilsette fleire folk.
- Vi kjem til å fortsette å vekse, seier Haugen.

Traff med kompositt

Etter å ha bygd seg opp som produsent av geværskjeft i laminat lanserte selskapet i fjor sitt første skjefte i kompositt. Det blei ein suksess frå første stund og er hovudgrunnen til at selskapet auka driftsinntektene frå 15,7 til 24,8 millionar kroner frå 2015 til 2016 (sjå tabell).

- Eg kan ikkje anna enn å smile. Det var nysatsinga som slo ut slik vi håpa den skulle gjere, seier Haugen.

Rett tidspunkt

Overgangen frå å lage møbeldeler til å lage rifleskjefte er ikkje så stor, meiner Haugen.
- Det er eit avansert møbel, det krev eigentleg det same, seier han.
Utan kunnskapen hos arbeidsstokken og utstyret i fabrikken ville neppe ideen om å lage geværskjefte kunne bli sett ut i livet, meiner han.
Tidspunktet var også rett. Internett har vore avgjerande for å bygge opp bedrifta, som i dag sender 90 prosent av produksjonen ut av landet. Takka vere internett har dei nådd ut til heile verda. Ti år før, og dei ville vere alt for tidleg ute.
- To veker etter at vi publiserte på nett første gang kom det ein forespørsel frå New Zealand, seier Haugen.

Skrapa i overflata

I fjor hadde Oscar Haugen 110-120 reisedagar. Det er våpenmesser verda over, kundar og kontakter.
- Vi satsar veldig mykje på nettverksbygging, seier Oscar Haugen.
Våpenmarknaden er internasjonal, men aktørane er ikkje så mange.
"Guns & Ammo" som Oscar såg i som fem-åring ligg i dag i ein banankasse på loftet hos broren.
- Dei fleste vi har lest om og sett i desse blada er folk som vi kjenner no, seier han.
Nettverksbygginga kjem godt med for å få eit skikkeleg gjennomslag i USA, som er verdas største marknad. Seks prosent av salet i fjor gjekk til USA.
- USA er 60 prosent av verdsmarknaden og vi har berre så vidt begynt å skrape i overflata, seier Haugen.

Intelligent kapital

Etterkvart som inntektene har gått opp og selskapet har blitt meir kjend har også investorar kome på banen.
GRS har hatt seriøse diskusjonar med fire investorar tidlegare, to av dei frå utlandet, utan resultat.
Når Novela kjem inn på eigarsida er det minst like viktig å tilføre kompetanse og nettverk, som pengar.
- Vi skal ha intelligent kapital, det er heilt avgjerande, seier Haugen.
Vi har skote og herja på så lenge eg kan hugse

Publisert: 21.03.2017 12:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07