NSB og Fjord1 lagar reiselivskjempe
BÅT, BUSS OG BANE: Saman med NSB kan Fjord1 tilby turistar reiser med både båt, buss og bane gjennom sitt felles reiselivselskap. Selskapet brukar Åndalsnes (biletet) og Raumabanen som døme på eit reisemål som kan utviklast. Lukkast det blir det og tilbod til turistane over til Sunnmøre.
Nytt

NSB og Fjord1 lagar reiselivskjempe

Etablere eit 50/50 eigd selskap og aukar reiselivsatsinga.

06.12.2018
Førebels er det snakk om ein intensjonsavtale, med mål å å etablert det felles reiselivselskapet rundt 1. mars 2019.
Pressemeldinga om avtalen varslar at NSB/Fjord1 skal bygge opp ein stor aktør, gjennom eigne investeringar og samarbeid med andre.

"Reiselivsselskapet skal sjølv og gjennom partnarar utvikle og samle reiselivstilbod og opplevingar i heile Noreg, og tilby miljøvennlege rundreiser som saumlaust kombinerer transport med overnatting, aktivitetar og andre opplevingar. Selskapet skal bidra til lokal destinasjonsutvikling i heile Noreg, og investere i nye konsept sjølv- og i samarbeid med lokale aktørar.",

Utvidar samarbeid

Eit nytt felles selskap er eit utviding av samarbeidet som alt er mellom Fjord1 og NSB.
Dei samarbeidet i dag om turisttilbodet "Noreg i eit nøtteskal" som kombinerer bane og båt på ei rundreise Bergen-Oslo-Flåm-Bergen. NSB eig 50 prosent av Flåm Utvikling, som driv Flåmsbana mellom Flåm og Myrdal stasjon på Bergensbana.
Frå Flåm seglar selskapet The Fjords med sightseeingbåtar inn i Nærøyfjorden, og hentar mange av sine reisande frå Flåmsbanen. The Fjords er eigd 50 prosent av Fjord1. Resten av aksjane i The Fjords er eigd av Aurland Ressursutvikling gjennom selskapet Flåm as. Aurland Ressursutvikling eig også eig 50 prosent i Flåm Utvikling.

Ser på Raumabanen

Det nye selskapet ser mellom anna på å utvikle Raumabanen og området rundt til eit større turistmål.
- Turistane som kjem til Noreg følgjer ofte ei kjend turistrute. Det gjer at det kan bli ganske trongt enkelte stadar. Samstundes er det mange turistperler som ikkje får like mange besøkande. Vi ønskjer saman med lokale aktørar å utvikle nye berekraftige destinasjonar og reiselivsaktivitet heile året. Eit døme er Romsdalen med Åndalsnes og Raumabanen, seier Synne Homble, konserndirektør for mobilitet og reiseliv i NSB-konsernet i pressemeldinga.

Digital satsing

Marknadsføringa og salet av "Noreg i eit nøtteskal" skjer i dag gjennom selskapet FjordTours, der NSB og Fjord1 eigd 74 prosent av aksjane.
Salet til det nye selskapet skal også skje gjennom FjordTours, som no i desember lansere ei ny digital løysing der turistar som vil besøke Noreg kan planlegge, bestille og betale kollektivreiser, opplevingar og overnattingar.

- Dei digitale løysingane blir heilt avgjerande, seier Homble om kva som er nøkkelen til å lukkast i reiselivsbransjen framover.

Felles selskap

Førebels er ikkje kapitalbehovet til det nye selskapet avklart, men NSB og Fjord1 ser for seg investeringar, også som partnar i lokale destinasjonsselskap.
- Vi ser for oss at lokal destinasjonsutvikling skjer i selskap som vi kan eige saman med lokale investorar, seier Homble.

Samtalar i eitt år

Administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1 seier samtalane med NSB har vart i eitt år tid.
Etableringa av eitt stort reiselivselskap som skal satse i Noreg er noko Fjord1 har hatt som mål i fleire år, men ikkje åleine, i følgje Neteland.
Han reknar med at det nye selskapet innan nokre år har utløyst ei rekkje nye tilbod, til dømes ut frå Åndalsnes og over til Sunnmøre, som følgje av satsinga på Raumabanen.
- Eg er heilt sikker på at dette selskapet då har ein del samanhengande produkt som vi har utvikla i samarbeid med lokale interessentar, seier Neteland.

Publisert: 06.12.2018 18:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:28