Nytt
Nullar Island Drilling-aksjane
Island Drilling skriv ned verdien av aksjane i selskapet til null og gjer om gjeld til aksjar. Storaksjonærane Ulstein, Chouest og Trond Mohn inn med kvart milliard kroner.
22.03.2019
Obligasjonslångivarane gjer om gjeld for 161,4 millionar dollar til aksjar i ei refinansiering av riggselskapet.
Island Drilling eig og driv boreriggen Island Innovator, som avslutta ein langvarig og lønsam kontrakt med oljeselskapet Lundin i fjor og har ligge i opplag sidan. , men den langvarig dårlege riggmarknaden har gjort at selskapet ikkje har oppfylt lånevilkåra sine og har ført forhandlingar om ei refinansiering i lang tid.
Riggen blei både forseinka og dyrare enn planlagt, men då den var klar gjekk den inn i ei kontrakt om å bore 12 brønnar for Lundin. Det skjedde før oljeprisen fall og riggetterspørselen tørka inn.
I dag sende selskapet ut melding om resultatet i 2016 via verdipapirforetakenes nettside for ikkje-børsnoterte selskap, og melding til obligasjonslångivarane via Nordic Trustee si informasjonsnettside Stamdata.no.
Framlegget til refinansiering går ut på at dagens aksjar blir nedskrivne til null, obligasjonsgjeld gjort om til aksjar og at rigg og andre eigedelar og plikter blir ført over til eit datterselskap av Island Drilling. Sentrale aksjonærer i dagens selskap går inn med fem millionar dollar i ein emisjon i det nye selskapet.
Island Drilling (24,2 prosent)
Rig Invest LLC (37,8 prosent)
Borgstein as (14 prosent)
Meteva (14 prosent)
Tidlegare obligasjoneigarar i Island Drilling (10 prosent)
Rig Invest, Borgstein og Meteva har garantert for at selskapet blir tilført ytterlegare 25 millionar dollar i arbeidskapital. Saman med emisjonen på fem millionar dollar betyr det at den tilfører selskapet 255 millionar kroner i refinansinga.
Blir den tilførte arbeidskapitalen omdanna til aksjekapital vil Island Drilling sin eigarandel blir utvatna til 5,1 prosent.
Mohn, Ulstein og Chouest-familien eig og over 80 prosent av aksjane i Island Drilling, som etter refinansieringa blir medeigar i det nye selskapet.
Island Drilling eig og driv boreriggen Island Innovator, som avslutta ein langvarig og lønsam kontrakt med oljeselskapet Lundin i fjor og har ligge i opplag sidan. , men den langvarig dårlege riggmarknaden har gjort at selskapet ikkje har oppfylt lånevilkåra sine og har ført forhandlingar om ei refinansiering i lang tid.
Nullar ut
Island Drilling har kontor i Bergen, men har Morten Ulstein og hans familiegrein som initiativtakarar og store aksjonærer.Riggen blei både forseinka og dyrare enn planlagt, men då den var klar gjekk den inn i ei kontrakt om å bore 12 brønnar for Lundin. Det skjedde før oljeprisen fall og riggetterspørselen tørka inn.
I dag sende selskapet ut melding om resultatet i 2016 via verdipapirforetakenes nettside for ikkje-børsnoterte selskap, og melding til obligasjonslångivarane via Nordic Trustee si informasjonsnettside Stamdata.no.
Framlegget til refinansiering går ut på at dagens aksjar blir nedskrivne til null, obligasjonsgjeld gjort om til aksjar og at rigg og andre eigedelar og plikter blir ført over til eit datterselskap av Island Drilling. Sentrale aksjonærer i dagens selskap går inn med fem millionar dollar i ein emisjon i det nye selskapet.
Sit med kontrollen
Etter at refinansieringa er fullført vil det nye selskapet - som førebels ikkje har fått eit namn - ha fem aksjonærgrupper;Island Drilling (24,2 prosent)
Rig Invest LLC (37,8 prosent)
Borgstein as (14 prosent)
Meteva (14 prosent)
Tidlegare obligasjoneigarar i Island Drilling (10 prosent)
Ulstein, Chouest og Trond Mohn
Bak Rig Invest står Chouest-familien i USA som også er partnar med Ulsteinfamilien. Borgstein er Ulsteinfamiliens investeringsselskap, Meteva er kontrollert av Bergensinvestoren Trond Mohn.Rig Invest, Borgstein og Meteva har garantert for at selskapet blir tilført ytterlegare 25 millionar dollar i arbeidskapital. Saman med emisjonen på fem millionar dollar betyr det at den tilfører selskapet 255 millionar kroner i refinansinga.
Blir den tilførte arbeidskapitalen omdanna til aksjekapital vil Island Drilling sin eigarandel blir utvatna til 5,1 prosent.
Mohn, Ulstein og Chouest-familien eig og over 80 prosent av aksjane i Island Drilling, som etter refinansieringa blir medeigar i det nye selskapet.
Publisert: 22.03.2019 13:13
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07