Nullrente i eitt aar framover
NULLRENTE: Prognosen for styringsrenta som sentralbanksjef Øystein Olsen la fram i dag tilseier nullrente i over eitt år framover.
Nytt

Nullrente i eitt år framover

Norges Bank held renta uendra og ventar på økonomisk oppgang før renteauke.

17.12.2020
NPK-NTB: Noregs Bank varslar at styringsrenta blir halden uendra på null prosent. Prognosen for styringsrenta inneber ei rente på dagens nivå i over eitt år framover.
Slik Noregs Banks komité for pengepolitikk no vurderer utsiktene og risikobiletet, vil styringsrenta mest sannsynleg bli liggjande på dagens nivå ei god stund framover.

Ventar på oppgang

– Det kraftige økonomiske tilbakeslaget og stor uvisse om den vidare utviklinga tilseier at renta blir halden i ro til vi ser klare teikn til at forholda i økonomien blir normalisert, seier sentralbanksjef Øystein Olsen i ei .
Venta Sentralbanken skriv at renta frå første halvår i 2022 gradvis aukar etter kvart som aktiviteten nærmar seg eit meir normalt nivå. Prognosen inneber ein noko raskare renteoppgang enn anslått i førre pengepolitiske rapport, heiter det.

Historiske botnnivå

Koronapandemien har ført styringsrenta ned til eit historisk botnnivå gjennom store delar av 2020. Rentekutta har bidrege til å halde aktiviteten i økonomien oppe under krisa.
Vaksinenyheiter har den siste tida skapt forventningar om ei raskare økonomisk opphenting neste år og dermed forventningar om renteoppgang tidlegare enn Noregs Bank hittil har varsla.

Publisert: 17.12.2020 11:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:09