Nullutsleppssoner faar groent lys
FORBOD: Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) seier ja til soner med forbod mot fossilbilar i byar som Oslo og Bergen. 
Nytt

Nullutsleppssoner får grønt lys

Regjeringa seier ja til å stenge gater for bensin- og dieselbilar.

07.01.2021
NPK-NTB: Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) har ei melding til byråda i Oslo og Bergen: No blir det tillate med bysoner der fossilbilar blir forbode.
Det er i den nye klimaplanen til regjeringa opninga kjem.
– Dette har eigentleg vore eit uavklart spørsmål. Men i arbeidet med klimaplanen har vi sett på det, og vi kjem til å foreslå i klimaplanen at vi opnar for nokre prosjekt, seier Rotevatn til NTB.
I praksis betyr det at Oslo og Bergen, som lenge har ivra for slike nullutsleppssoner, vil få løyvet dei treng.
– Eg reknar med at dei kjem til å be om det. Og då er vi imøtekommande, seier statsråden.

Vil hjelpe fram elvarebilar

Innføring av nullutsleppssoner betyr at det i enkelte gater eller område i byane kan bli forbode å køyre bilar som slepper ut CO2.
Berre utsleppsfrie bilar vil sleppe til på vegane.
– Vi trur dette kan vere eit bra verkemiddel for å få fart i omstillinga av køyretøyparken, særleg blant næringsdrivande. Vi ser at det framleis går for tregt med omstillinga til til dømes elvarebilar. Det er framleis altfor mange som kjøper fossile varebilar, seier Rotevatn.
Han seier det får bli opp til kommunane sjølve å vurdere detaljane, til dømes om det skal givast unntak for tungtransport, der marknaden ikkje akkurat renn over med gode alternativ til diesel.
– Men viss byane ønskjer det og meiner eit område er eigna for det, så kjem vi til å tillate det.

Vil skjerme riksvegane

Det regjeringa derimot ikkje vil tillate, er utsleppsfrie soner som omfattar riksvegnettet.
– Det ville vere veldig inngripande viss du til dømes sa at det ikkje var lov å køyre fossilbil på E39 gjennom Bergen. Det ville fått dramatiske konsekvensar for eit stort område, seier Rotevatn.
Han legg til at han reknar med debatt og motførestillingar viss Oslo og Bergen gjer alvor av fossilforbodet.
Både Framstegspartiet og Folkeaksjonen nei til meir bompengar har tidlegare fordømt planane i harde ordelag.

Varslar store transportkutt

Men klimautsleppa skal kraftig ned. Og i den nye klimaplanen til regjeringa står transportutsleppa heilt sentralt.
– Gjennom det neste tiåret må vi skifte ut tyngre og tyngre køyretøy, etter kvart som teknologien blir moden, seier Rotevatn.
Den nye klimaplanen vart i haust forseinka, men er no venta snart. Regjeringas overordna mål er å kutte utsleppa i såkalla ikkje-kvotepliktig sektor, som omfattar transport, avfall, bygg jordbruk og noko industri, med 45 prosent frå 2005-nivå innan 2030.
Elbilsalet har allereie skote kraftig fart, påpeikar klima- og miljøministeren.
– Men så må du skifte ut varebilar. Så lette lastebilar. Så tunge lastebilar. Og det legg vi opp til at skal skje gjennom ei rekkje ulike verkemiddel som blir lagt fram i meldinga, seier han.
– Eg er optimistisk på at vi skal klare å ta store kutt i transportsektoren framover.

Publisert: 07.01.2021 07:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:10