Nytt
NVE stoppar ikkje Havsul-utbygging
NVE held fast ved at utbyggarane får utsett frist til 2025 med å bygge vindkraftanlegg i havet utanfor Harøya og Ona.
01.10.2020
Fleire aktørar, mellom dei Fiskebåt, organisasjonen for eigarane av den havgåande fiskeflåten, har klaga på at Norges Vassdrag og Energivesen (NVE) utsette fristen for når utbyggarane av den planlagte vindparken utanfor Ålesund og Aukra kommune kunne starte bygging.
Fristen blei utsett til 2025, og den utsettinga sikra at konsesjonen til å bygge ut ikkje gjekk tapt.
No har NVE behandla klagene, og står på sitt.
"NVE kunne omgjort eget vedtak, men valgte å ikke benytte seg av denne muligheten. Vi får nå feste lit til at Olje- og energidepartementet er sitt ansvar bevisst og omgjør vedtaket om forlengelse av igangsettingstillatelsen. Det er ikke tvilsomt at tiltaket vil få uheldige konsekvenser og åpenbart være i strid med føre-var-prinsippet.", skriv avdelingsleiar Espen Jacobsen i Fiskebåt.
Fiskebåt skulda i sommar Ålesund kommune for å ha favoriserte vindkraftinteressen i striden om Havsul-prosjektt
Fristen blei utsett til 2025, og den utsettinga sikra at konsesjonen til å bygge ut ikkje gjekk tapt.
No har NVE behandla klagene, og står på sitt.
Går til departementet
Dermed går saka vidare til Olje- og energidepartementet."NVE kunne omgjort eget vedtak, men valgte å ikke benytte seg av denne muligheten. Vi får nå feste lit til at Olje- og energidepartementet er sitt ansvar bevisst og omgjør vedtaket om forlengelse av igangsettingstillatelsen. Det er ikke tvilsomt at tiltaket vil få uheldige konsekvenser og åpenbart være i strid med føre-var-prinsippet.", skriv avdelingsleiar Espen Jacobsen i Fiskebåt.
Fryktar skadeverknadar
Området som er planlagt utbygget er både gyteområde for sild og beiteområde for sjøfugl som hekkar på Runde, og Fiskebåt meiner konsekvensen av ei utbygging ikkje er godt nok utredet og fryktar negative konsekvenser for fiskebestanden og for livet i havet generelt. Dei utreiinga som er gjort er gamle og utdaterte, meiner Fiskebåt.Fiskebåt skulda i sommar Ålesund kommune for å ha favoriserte vindkraftinteressen i striden om Havsul-prosjektt
Publisert: 01.10.2020 11:03
Sist oppdatert: 07.04.2021 17:18