Då administrerande direktør Kjetil Bollestad ved Green Yard Kleven skulle kommentere stortingsmeldinga for maritim næring tysdag, var bodskapen at meldinga i hovudsak var bra.
Mellom anna er han nøgd med at regjeringa er opptekne av å utvikle og bygge ny kompetanse, som Bollestad meiner bransjen vil vere heilt avhengige av framover.
Men verftet i Ulstein har også ei rekke utfordringar dei gjerne skulle hatt meir hjelp med i tida framover.
Etter det NETT NO kjenner til, er det no ein ny aktør på banen som vurderer å bygge skipet ferdig og ta det i bruk i vindkraftmarknaden. Bollestad stadfestar ikkje opplysningane, men fortel at dei framleis «jobbar iherdig med å selje skipet».
Skipet blei , men ferdigstillinga har vore utsett ein rekke gonger av ulike reiararar, før det blei som følgje av Kleven-konkursen i sommar.
I heile haust har verftsdirektøren vore optimistisk om moglegheitene til å få selt og bygd ferdig skipet. Ei slik kontrakt vil vere viktig for at verftet skal få fleire folk i arbeid.
– Men viss reiarane får støtte til å kondemnere skip, så er det viktig at det også følgjer nokre kriteria med om at det skjer ved norske verksemder. Dette meiner vi ikkje er tydeleg nok enno, seier Bollestad til NETT NO.
Green Yard Kleven skal som kjent satse på resirkulering og skraping av skip, som eit nytt forretningsområde.
Tysdag blei det også kjent at reiar Stig Remøy er involvert i eit arbeid med å stable , som skal ha langt større musklar enn dei 150 millionane som er lagt inn i neste års budsjett.
Bollestad meiner likevel at det framleis er ein ubalanse i risikoen ved finansiering av nye skip.
– Dei store verfta er stort sett tomme for pengar og har dårleg likviditet, og vi hadde håpa på meir av støtte til finansiering gjekk til verfta. Vi på verfta føler at vi er mest eksponert for risikoen i nye prosjekt, seier Bollestad.
Elles er det tomt ved Kleven-kaia etter at den ombygde trålaren til Nordnes-reiarlaget er levert, og per i dag har dei ikkje nye større oppdrag på handa.
Mellom anna er han nøgd med at regjeringa er opptekne av å utvikle og bygge ny kompetanse, som Bollestad meiner bransjen vil vere heilt avhengige av framover.
Men verftet i Ulstein har også ei rekke utfordringar dei gjerne skulle hatt meir hjelp med i tida framover.
Vurderer vindkraft for PSV
Ei utfordring dei må løyse på eiga hand, er å få selt den uferdige PSV-en verftet har liggande.Etter det NETT NO kjenner til, er det no ein ny aktør på banen som vurderer å bygge skipet ferdig og ta det i bruk i vindkraftmarknaden. Bollestad stadfestar ikkje opplysningane, men fortel at dei framleis «jobbar iherdig med å selje skipet».
Skipet blei , men ferdigstillinga har vore utsett ein rekke gonger av ulike reiararar, før det blei som følgje av Kleven-konkursen i sommar.
I heile haust har verftsdirektøren vore optimistisk om moglegheitene til å få selt og bygd ferdig skipet. Ei slik kontrakt vil vere viktig for at verftet skal få fleire folk i arbeid.
Meiner skraping bør skje i Norge
På førehand var Kleven-sjefen spent på kva regjeringa hadde å seie om kondemneringsordninga for skip i den maritime meldinga. Han seier seg nøgd med at offshore no blir inkludert, og «trur ordninga vil gi effekt» på aktiviteten deira.– Men viss reiarane får støtte til å kondemnere skip, så er det viktig at det også følgjer nokre kriteria med om at det skjer ved norske verksemder. Dette meiner vi ikkje er tydeleg nok enno, seier Bollestad til NETT NO.
Green Yard Kleven skal som kjent satse på resirkulering og skraping av skip, som eit nytt forretningsområde.
Tysdag blei det også kjent at reiar Stig Remøy er involvert i eit arbeid med å stable , som skal ha langt større musklar enn dei 150 millionane som er lagt inn i neste års budsjett.
Meiner det framleis er ubalanse
Vanskar med å finansiere bygging av nye skip har blitt ei utfordring for fleire verft. Regjeringa og Frp er samde om å gi GIEK (Garantiinstituttet for eksportkreditt) moglegheiter å e, også for skip som skal nyttast i Norge.Bollestad meiner likevel at det framleis er ein ubalanse i risikoen ved finansiering av nye skip.
– Dei store verfta er stort sett tomme for pengar og har dårleg likviditet, og vi hadde håpa på meir av støtte til finansiering gjekk til verfta. Vi på verfta føler at vi er mest eksponert for risikoen i nye prosjekt, seier Bollestad.
Snart tomt ved kaia
Ved verftet ligg no det julepynta hurtigruteskipet Vesteraalen, der oppgraderinga vil vere ferdig løpet av få dagar. Ved kaia ligg også lekteren Boa Barge som snart reiser ut på nytt oppdrag langs kysten av Afrika.Elles er det tomt ved Kleven-kaia etter at den ombygde trålaren til Nordnes-reiarlaget er levert, og per i dag har dei ikkje nye større oppdrag på handa.
Meir om maritim melding:
Viss reiarane får støtte til å kondemnere skip, så er det viktig at det også følgjer nokre kriteria med om at det skjer ved norske verksemder
Publisert: 09.12.2020 11:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:07