Berre aksjonærane i smoltselskapet Biofish Holding hadde eit større kursfall på aksjane sine, enn Arctic Bioscience-eigarane fredag.
Aksjen, som for eitt år sidan var verdsett til 18,40 kroner, vart handla til 10,05 kroner fredag. Det er den lågaste kursen sidan selskapet vart børsnotert i februar 2021.
Arctic Bioscience i Ørsta produserer helsekostprodukt basert på silderogn, og er i gang med ein større medisinsk studie av eit silderognbasert legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis. Testresultata frå studien skal vere klar i år.
Biofish Holding i Hardanger varsla torsdag ei kapitalutviding på inntil 55 millionar kroner, før dei fredag fortalde at den ikkje blir noko av. Selskapet har med andre ord fortalt at det treng påfyll av pengar, og at selskapet ikkje har fått pengane. Kursen fall 56 prosent fredag.
Børsdagen |
||
Selskap |
Kurs i kroner |
%-Endring i dag |
Nortel |
20,40 |
6,25 % |
Golden Energy Offshore Services |
1,37 |
3,79 % |
Statt Torsk |
1,84 |
3,37 % |
Salmon Evolution |
8,58 |
1,78 % |
Atlantic Sapphire |
7,00 |
1,38 % |
Sparebanken Møre |
81,78 |
1,18 % |
Hav Group |
8,80 |
1,15 % |
Hofseth Biocare |
3,13 |
0,97 % |
Havila Kystruten |
11,10 |
0,45 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) |
3,00 |
0,17 % |
Hexagon Composites |
30,28 |
0,00 % |
Norva 24* |
34,08 |
0,00 % |
Havila Shipping |
12,12 |
-0,49 % |
Hexagon Purus |
22,50 |
-1,06 % |
Endúr |
31,40 |
-3,38 % |
Arctic Bioscience |
10,05 |
-8,22 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 06.01.2023 17:25
Sist oppdatert: 06.01.2023 18:43