Koronakrise, oljeprisfall og avlyste prosjekt har ført til at fleire offshoreselskap har lagt skip i opplag i løpet av påskeveka.
Blant dei er det Axxis Geo Solutions-eigde seismikkskipet Neptune Naiad, som ligg i varmt opplag ved Herøyterminalen i Torvika.
På Moltustranda er i tillegg den Ulstein-bygde PSV-en Hermit Prosper lagt i varmt opplag.
Adm. dir Karl-Johan Bakken seier at det er den vanskelege marknadssituasjonen som er årsaka til at Hermit Prosper er lagt i opplag.
- Oljeselskapa kuttar, prosjekt vert avlyste og marknaden ser slett ikkje særleg lys ut framover, seier Bakken.
- Vi håper det vert kortvarig, men problemet er at slik situasjonen er no er det ingen som med sikkerheit kan vite kor lenge den vanskelege marknadssituasjonen vedvarer.
- Vi er inne i noko vi ikkje har sett før, og det er rett og slett vanskeleg å vite kva som vert utfallet.
- Båten ligg i Torvika i påvente av eit nytt oppdrag i Nordsjøen, seier Bakken.
Fleire andre offshoreselskap la skip i opplag i løpet av påskeveka.
Ti nye i opplagIfølgje skipsmeklaren Westshore er dei siste PSV-ane i opplag Normand Carrier, Highland Princess, Troms Mira og Stril Myster.
Rett før påske vart i tillegg skipa Sartor, Stril Mermaid, Farland og Olympic Promoter lagde i opplag.
Totalt er det dermed ti offshoreskip som er lagde i opplag i løpet av to veker.
Blant dei er det Axxis Geo Solutions-eigde seismikkskipet Neptune Naiad, som ligg i varmt opplag ved Herøyterminalen i Torvika.
På Moltustranda er i tillegg den Ulstein-bygde PSV-en Hermit Prosper lagt i varmt opplag.
- Ser slett ikkje lyst ut
Herøy-selskapet Remøy Shipping har managementet på begge skipa.Adm. dir Karl-Johan Bakken seier at det er den vanskelege marknadssituasjonen som er årsaka til at Hermit Prosper er lagt i opplag.
- Oljeselskapa kuttar, prosjekt vert avlyste og marknaden ser slett ikkje særleg lys ut framover, seier Bakken.
- Vanskeleg å vite
Dei 28 tilsette på det NIS-registrerte skipet har fått varsel om permitteringar.- Vi håper det vert kortvarig, men problemet er at slik situasjonen er no er det ingen som med sikkerheit kan vite kor lenge den vanskelege marknadssituasjonen vedvarer.
- Vi er inne i noko vi ikkje har sett før, og det er rett og slett vanskeleg å vite kva som vert utfallet.
Ventar på nytt oppdrag
Seismikkskipet Neptune Naiad kom frå eit oppdrag i Brasil, og på vegen heim var skipet innom eit verkstedopphald i spanske Vigo.- Båten ligg i Torvika i påvente av eit nytt oppdrag i Nordsjøen, seier Bakken.
Fleire andre offshoreselskap la skip i opplag i løpet av påskeveka.
Ti nye i opplagIfølgje skipsmeklaren Westshore er dei siste PSV-ane i opplag Normand Carrier, Highland Princess, Troms Mira og Stril Myster.
Rett før påske vart i tillegg skipa Sartor, Stril Mermaid, Farland og Olympic Promoter lagde i opplag.
Totalt er det dermed ti offshoreskip som er lagde i opplag i løpet av to veker.
Les meir her:
Vi er inne i noko vi ikkje har sett før, og det er rett og slett vanskeleg å vite kva som vert utfallet
Publisert: 14.04.2020 11:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56