Ny designkontrakt til Skipsteknisk
Nytt

Ny designkontrakt til Skipsteknisk

Russisk reiarlag bygger nok ein trålar med design frå Ålesund-selskapet.

Marius Rosbach
13.03.2020
Det russiske reiarlaget Okeanrybflot skal bygge nok ein trålar ved Teras-verftet i Tyrkia. Skipsteknisk i Ålesund har fått jobben med å designe den 108 meter lange trålaren, opplyser selskapet i ei fredag.
Den nye frysetrålaren blir bygd over same lest som eit tidlegare nybygg med design frå Skipsteknisk, som skal vere ferdig i sommar. Planlagd levering for den siste trålaren er ved midten av 2022.
Fartøyet blir eit ST-191L-design og skal nyttast til å fiske alaskatorsk i Okhotskhavet og Stillehavet, i tillegg til sild og makrell.
Om bord kjem ein fabrikk for sløyd fisk og filetproduksjon. Det blir også linjer for pelagisk produksjon av filet og frose rund fisk. Om bord blir det kapasitet til å fryse opptil 450 tonn dagleg.
Skipsteknisk har tidlegare designa ein rekke fartøy for den russiske fiskeflåten, som har gitt gode inntekter.
Då dagleg leiar Hans Olav Holmøy kommenterte trudde han likevel at fornyinga av den russiske flåten var over toppen.

Les også:


Fiskerstrand:


Publisert: 13.03.2020 11:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54