Ny diskusjon om oljeproduksjonen i Opec
BLIR KRANENE STENGT?: Opec-landa møtes mellom anna for å diskutere om produksjonskutta som blei vedtatt i april skal vidareførast inn i 2021. 
Nytt

Ny diskusjon om oljeproduksjonen i Opec

Meir enn dobla oljepris sidan april. Opec-landa møtes mandag.

30.11.2020
NPK-NTB-AP/NETT NO
Måndag møtest landa i oljekartellet Opec på ny. Dei blir venta å forlengje kutt i oljeproduksjonen til langt ut på nyåret for å bidra til å løfte oljeprisen.
Koronaviruset og dei mange nedstengingane har gjort at etterspurnaden etter olje har stupt, noko som også har senka oljeprisen. I april vart Opec-landa samde om å kutte produksjonen med ti millionar fat dagleg, medan produksjonen vart auka igjen med 2,3 millionar fat i august.

Over 20 prosent fall

I april i år fall prisen på nordsjøolje under 20 dollar fatet etter store deler av verda stengte aktiviteten. I dag prisen rundt 47 dollar fatet.
For eitt år sidan var prisen over 60 dollar fatet, og dagens pris tilsvarar eit prisfall på over 20 prosent samanlikna med for eitt år sidan.

Strid om kutt

No som store delar av verda er inne i nye nedstengingsfasar, blir det venta at det viktigaste landet til kartellet, Saudi-Arabia, vil prøve å halde produksjonskuttet på dette nivået. Det blir venta å skape konflikt med statar som Dei sameinte arabiske emirata, Libya og Irak, som vil produsere meir.
I tillegg må ein komme til semje òg blant dei såkalla Opec Pluss-landa, som skal møtast tysdag. Russland er det viktigaste av Opec Pluss-landa.

Spår varig reduksjon

Det er vanskeleg å spå kor mykje olje verda kjem til å trenge framover. Positive resultat frå vaksineforsøk skapar håp om økonomisk vekst, men nokre ekspertar meiner oljeetterspurnaden aldri vil komme tilbake til nivået før koronaviruset, både på grunn av reiseavgrensingar og klimatiltak.
Mellom anna blir det venta at etterspurnaden frå flyselskap ikkje kjem til å nå same nivå på fleire år.

Publisert: 30.11.2020 09:32

Sist oppdatert: 07.04.2021 21:00