Nytt
Ny eigar på Moltustranda
Anlegget som tidlegare husa Edgar Sandangers lakseforedling- og salsselskap Sunsea og Sunsea Seafood har fått ny eigar.
20.11.2020
Det er selskapet Legemyrane 4 som har kjøpt selskapet viser eigedomsregisteret. Planen er å drive fiskerirelatert verksemd i anlegget, i følgje styreleiar Dagfinn Tynes i Legemyrane 4. Legemyrane 4 er også adressa til anlegget, som ligg på Moldtustranda i Herøy.
Prisen var fem millionar kroner, i følgje eigedomsregisteret.
Legemyrane 4 er eigd av det litauiske selskapet Proximus Global. Det selskapet er eigd av Daniel Andersen, i følgje foretaksregisteret i Litauen.
Anlegget omfattar røykeri, pelagisk fiskemottak, fryseri og kaier. Kaiene er dels i betong og dels i tre, med ni meters djupn ved betongkai.
Innovasjons Norge kravde tvangssal av eigedomen i 2017, men salet vart sett på vent til det kom ei avgjerd om Sunnmøre Eiendom Moldtu var konkurs eller ei. Konkursen blei opna i 29. mai 2019.
Etterpå kjøpte selskapet Sandanger Invest tidlegare i år deler av utstyret i fabrikkanlegget.
I februar 2019 vende Innovasjon Norge tommelen ned for eit bod på 2,2 millionar kroner for anlegget.
Anlegget var taksert til 5,5 millionar kroner.
Prisen var fem millionar kroner, i følgje eigedomsregisteret.
Legemyrane 4 er eigd av det litauiske selskapet Proximus Global. Det selskapet er eigd av Daniel Andersen, i følgje foretaksregisteret i Litauen.
Langvarig salsprosess
Eigedomen på Moltustranda var eigd av selskapet Sunnmøre Eiendom Moldtu, med Edgar Sandanger som stor aksjonær.Anlegget omfattar røykeri, pelagisk fiskemottak, fryseri og kaier. Kaiene er dels i betong og dels i tre, med ni meters djupn ved betongkai.
Innovasjons Norge kravde tvangssal av eigedomen i 2017, men salet vart sett på vent til det kom ei avgjerd om Sunnmøre Eiendom Moldtu var konkurs eller ei. Konkursen blei opna i 29. mai 2019.
Etterpå kjøpte selskapet Sandanger Invest tidlegare i år deler av utstyret i fabrikkanlegget.
22,6 millionar
Krava i buet var på tilsaman 22,6 millionar kroner. Innovasjon Norge er største kreditor, med eit krav på 15,6 millionar.I februar 2019 vende Innovasjon Norge tommelen ned for eit bod på 2,2 millionar kroner for anlegget.
Anlegget var taksert til 5,5 millionar kroner.
Publisert: 20.11.2020 16:16
Sist oppdatert: 11.03.2021 14:39