Nytt
Ny emisjon i Griff Aviation
I løpet av året skal droneselskapet Griff Aviation hente inn meir pengar.
15.08.2019
Utviklingskontrakter sikra inntekter til Sykkylven-selskapet i fjor (sjå tabell). I år er målet å også selje dronar, tilsaman 15 stykk fordelt på to kundar, i følgje dagleg leiar og medeigar Leif Johan Holand. Tre dronar er allereie selde.
Griff Aviation utviklar store dronar både for transport og inspeksjon og har sidan i fjor forhandla om ein leveranse til det japanske energiselskapet Tepco. Forhandlingane pågår framleis, i følgje Holand.
Pengane vart gitt som eit lån, som kan gjerast om til aksjar ved neste kapitalutviding. Dersom neste kapitalutviding blir på over tre millionar dollar får Drone Fund 15 prosent i eigarskap i Griff Aviation. Blir kapitalutvidinga mindre enn tre millionar dollar skal lånet gjerast om til ein eigarandel på 20 prosent.
Pengane som kjem inn skal brukast på marknadsføring, sal og til å bygge opp fabrikk for å produserer dronar. I tillegg til Sykkylven kan det og bli aktuelt med produksjon/montering i utlandet, i følgje Holand.
Griff Aviation utviklar store dronar både for transport og inspeksjon og har sidan i fjor forhandla om ein leveranse til det japanske energiselskapet Tepco. Forhandlingane pågår framleis, i følgje Holand.
Gjer om gjeld
I fjor gjekk det japanske fondet Drone Fund inn med 2,3 millionar dollar, cirka 20 millionar kroner, i Griff Aviation.Pengane vart gitt som eit lån, som kan gjerast om til aksjar ved neste kapitalutviding. Dersom neste kapitalutviding blir på over tre millionar dollar får Drone Fund 15 prosent i eigarskap i Griff Aviation. Blir kapitalutvidinga mindre enn tre millionar dollar skal lånet gjerast om til ein eigarandel på 20 prosent.
Produksjon og marknadsføring
Holand vil førebels ikkje seie noko om kor stor emisjon som er planlagt eller kor stor andel dei som skyt inn pengar i den komande emisjonen får i selskapet.Pengane som kjem inn skal brukast på marknadsføring, sal og til å bygge opp fabrikk for å produserer dronar. I tillegg til Sykkylven kan det og bli aktuelt med produksjon/montering i utlandet, i følgje Holand.
Publisert: 15.08.2019 16:09
Sist oppdatert: 08.03.2023 12:25