Nytt
Ny Evotec-kontrakt
Skal levere utstyr til færøyiske trålarar.
05.10.2023
Evotec skal levere alle vinsjar for tråling og fortøying til ein serie trålarar som skal byggast for reiarlaget Faroe Origin av Karstensens Skipsværft i Danmark, skriv selskapet i ei pressemelding.
Per i dag er to av trålarane i serien bestilt hos verftet.
Storleik på kontrakten i kroner er ikkje opplyst.
Skipa skal leverast i 2026.
Publisert: 05.10.2023 16:30
Sist oppdatert: 06.10.2023 15:49