Ny fart i Maaloey Verft
SAMARBEID: Gunnar Carlson (i midten) er sentral i eit nettverk av samarbeidande selskap, Stadt Towing Tank der dette biletet er tatt, formprodusentent Easy Form, Måløy Verft og skipsdesign- og salsselskapet Easy Form.
Nytt

Ny fart i Måløy Verft

Måløy Verft har arbeid til mars neste år, og dagleg leiar Kristian Lundebrekke er sterk i trua på at det kjem nye oppdrag.

13.08.2019
- Eg kan ikkje berre sitte stille utan å gjere noko, sa investor og Måløy-patriot Gunnar Carlson då hans familieselskap Brothers kjøpte Måløy Verft frå islandske Mallard Holding seint i 2017, etter fleire år med fallande inntekter og lønsemd.

I fjor var driftsinntektene 36 millionar kroner og verftet, som har lang erfaring i bygging av båtar i kompositt (som td. glasfiber og karbonfiber) , kom ut med eit lite overskot (sjå tabell).
Neste månad skal verftet levere ei ferje som skal gå mellom øya Barmen og fastlandet i Selje. Den er 30 meter lang og har plass til ti bilar. Den blir og den første ferja i glasfiber som er godkjent for å kunne ta med farleg last - som betyr at den skal kunne tole ein kraftig brann ombord i minst ein time utan å bryte saman.

Nytt oppdrag

Når ferja er levert ventar eit nytt oppdrag, ein båt som Lundebrekke førebels ikkje vil opplyse kven som skal ha eller kva type båt det er snakk om.
Den nye båten skal leverast i mars neste år.
Når verftet er i full drift er rundt 25 personar i arbeid der i følgje Lundebrekke.

Fleire selskap

I dag har Brothers aksjemajoriteten i Måløy Verft. Lundebrekke er medeigar.
Selskapa er eitt av fleire - med delvis same eigarskap og Brothers som største eigar - som samarbeider tett.
Stadt Towing Tank har testa skipsmodellane, Easy Form lagar formene og har også stått for design av ferga.
Framover er det selskapet Sea Technology som skal står for designarbeidet i systemet, i tillegg til sal og prosjektutvikling. Sea Technology blei etablert 31. januar i år. Lundbrekke reknar med at Sea Technology vil sikre vertet nye oppdrag.
- Dei har ikkje ligge på latsida sidan dei blei starta. Vi har mange spennande konsept vi jobbar med. Eg er veldig optimistisk, seier Lundebrekke.
Dei har ikkje ligge på latsida sidan dei blei starta. Vi har mange spennande konsept vi jobbar med. Eg er veldig optimistisk

Publisert: 13.08.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38