Ny finansdirektoer i Havyard
Nytt

Ny finansdirektør i Havyard

Går frå Nils Sperre AS til Havyard-konsernet. – Havyard har utfordringar som passer min kompetanse godt.

Marius Rosbach
04.06.2020
Erik Høyvik vil overta som finansdirektør i Havyard-konsernet frå 1. august, etter at Pål Aurvåg går inn i ei ny rolle i konsernet, opplyser Havyard i ei torsdag.
Høyvik er i dag administrerande direktør i Nils Sperre og bur på Sjøholt. Han brei erfaring frå revisjons- og konsulentverksemder og «vil styrke økonomi- og finansavdelinga i konsernet», heiter det i meldinga.
– Eg er ein «steinsnuar» av type og har jobba ein god del med restrukturering dei siste åra. Havyard har utfordringar som passer min kompetanse godt, og er ein spennande arbeidsgjevar, seier Høyvik til NETT NO – på austlandsdialekt.
Trass i dialekta er han stort sett vaksen opp på Sjøholt, men er fødd på Austlandet og har budd der i periodar.
Høyvik har bakgrunn både frå børsnoterte, og ikkje-børsnoterte selskap, og har mellom anna jobba i industrien på Kongsberg. Han er utdanna siviløkonom frå Handelshøgskulen i Bergen og statsautorisert revisor frå BI i Oslo.
– Det er mykje spennande aktivitet på Sunnmøre og med bakgrunn frå fleire større selskap, håpar eg at eg kan tilføre noko – og er gler meg skikkeleg, legg han til.

Publisert: 04.06.2020 13:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58