Ny Havila baat i opplag
OPPLAG: Havila Subsea vert lagd i opplag på Leinøya i Herøy.
Nytt

Ny Havila-båt i opplag

Havila Shipping legg Havila Subsea i opplag på Leinøya.

14.11.2016
- Skipet går av kontrakt ved nyttår, og har ikkje arbeid etter det. Difor legg vi skipet i opplag, seier adm. dir. Njål Sævik i Havila Shipping.
Det 98 meter lange subseaskipet har hatt oppdrag for Subsea 7 sidan skipet vart levert frå Havyard Leirvik i juni 2011.
Sævik seier at det vert arbeidd med andre oppdrag. Inntil vidare vert mannskapet permittert.
- Vi får sjå om noko av det vi jobbar med materialiserer seg.

Sa nei til opsjon

Subsea 7 hadde opsjon på å leige skipet endå eit år, men selskapet har vald å ikkje gjere seg nytte av denne opsjonen.
Havila Shipping har frå før ankerhandterarane Havila Mars og Havila Neptune i opplag.

97 skip i opplag

Etter opplaget for Havila Subsea, er det no 97 norske offshorefartøy i opplag, ifølgje .
Desse skipa er fordelte mellom 58 PSV-ar, 18 ankerhandterarar, 12 seismikkskip, fem konstruksjonsskip og fire fleirbruksskip.

Publisert: 14.11.2016 16:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:51