Ny jobb for Olav Holst-Dyrnes
Blir investeringsdirektør hos stor sjømatbransje-investor. Les hos kven.
Tysdag 2. juni er første offisielle arbeidsdag for tidlegare Ekornes-sjef Olav Holst-Dyrnes i investeringsselskapet Kverva. Holst-Dyrnes gjekk frå sjefsjobben i fiskebåtreiarlaget Havfisk i 2014. Etter knappe seks år i møbelbransjen er Holst-Dyrnes tilbake i sjømatbransjen.
- Eg var berre fire år i Havfisk, og blei fascinert av bransjen. Det er så mykje som er ugjort, seier han om sjømatbransjen.
Les også: Ekornes hentar Havfisk-sjefen
Han peikar spesielt på å utvikle tilbodet av sjømatprodukt i butikkane opp på nivået som kjøt- og kyllingindustrien har.
Hos Kverva blir han investeringsdirektør med spesielt ansvar for selskapet sine investeringar i bedrifter som produserer for forbrukarmarknaden. Dei investeringane er først og fremst gjort gjennom selskapet Insula, som mellom anna i selskapet som eig fiskerforedlingprodusenten i Gjerdsvika i Sande og produksjonsselskapet Lofotprodukt.
Les også: Sjefsskifte i Ekornes
Bilpendlar
Jobbskiftet betyr også pendling til Kverva-kontoret i Trondheim, kombinert med kontor heime i Ålesund og besøk hos bedriftene Kverva har investert.
Det magre flyrute-tilbodet under koronakrisa gjer at Holst-Dyrnes inntil vidare belagar seg på å bruke bilen til Trondheim.
Både i Havfisk og Ekornes var han toppsjef.
- No var eg klart for å ikkje ha det, seier han om toppleiaransvaret.
Storeigar i Patogen
Investeringselskapet Kverva er mellom anna 70 prosent eigar i fiskehelseselskapet Patogen i Ålesund og 95 prosent eigar i fiskeindustrikonsernet Insula, som omfattar foredlingsbedrifta til Maritime Food i Gjerdsvika.
Selskapet overtok også deler verksemda då Domstein-konsernet refinansierte og gjekk av børs i 2014.
Les også: Smart operasjon bak børs-adjø
Under Kverva-paraplyen ligg og Scale AQ. Scale AQ lagar utstyr til oppdrettsbransjen, og er eit nyskipa konsern etter samanslåinga av selskapa Steinsvik, Aqualine, Aqua Optima og Moen Marin AS.
Den viktigaste investeringa er aksjeposten på 52,5 prosent i det børsnoterer oppdrettselskapet Salmar, som med dagens kurs er verdt 26 milliardar kroner.
I 2018 hadde Kverva-systemet 18 milliardar kroner i driftsinntekter og 3,3 milliardar kroner i resultat før skatt.
Laksemilliardar
Det er lakseoppdrettar Gustav Witzøe på Frøya som bygde opp Salmar og investerte vidare i sjømatbransjen gjennom Investeringsselskapet Kverva.
Kverva er eigd 93 prosent av selskapet Kvarv, der Gustav Witzøe eig ein prosent og sonen Gustav Magne eig 96,8 prosent. Styringa er imidlertid framleis hos faren, som eig A-aksjar, sonen B- aksjar.
Kverva blir leia av Bjørn Wiggen, som var toppsjef i Orkla i 2010-2012.
Eg var berre fire år i Havfisk, og blei fascinert av bransjen. Det er så mykje som er ugjort
Publisert: 29.05.2020 11:05
Sist oppdatert: 04.08.2021 16:16