Ny kapital og aksjonaerar for Formfin
VIL VEKSE: Sykkylven-bedrifta Formfin Møbler har 42 tilsette og lagar i hovudsak sofaer. Steinar Myrseth (innfelt) tok over leiinga av bedrifta i fjor. 
Nytt

Ny kapital og aksjonærar for Formfin

Møbelprodusenten i Hundeidvik førebur generasjonsskifte og vil vekse frå heimbygda etter tøffe år.

Marius Rosbach
03.09.2020
Formfin Møbler i Hundeidvik har styrka eigenkapitalen og gjort ein retta emisjon mot Råna Invest og Poma Invest, opplyser møbelprodusenten i ei pressemelding torsdag.
Slik meiner dei å ha lagt til rette for vekst, etter at selskapet har vore . Samtidig er det eit naturleg steg i eit generasjonsskifte.
– Bakgrunnen er at vi tre som er aksjonærar, er frå 66 til 70 år og ikkje har naturlege arvtakarar i familien. 2019 gjekk i minus med kring fire millionar og vi kunne ikkje helde fram på same viset, seier administrerande direktør Steinar Myrseth til NETT NO.
Rekneskapen for 2019 er levert, men ikkje offentleg enno. Ifølgje Myrseth viser den også at omsetninga var på nivå med året i forvegen (sjå tabell til høgre - under om du les på mobil).

Les også:


Vil sikre produksjon på Hundeidvik

Parallelt med emisjonen har dei også teke opp lån frå Innovasjon Norge og Sparebanken Møre for å styrke kapitalstrukturen. I pressemeldinga blir det opplyst at det er planar om fleire bedriftsutviklingstiltak framover.
– Vi har gjort ein emisjon for å bygge framtida, og målsettinga er at bedrifta skal helde fram produksjonen i dagens lokale. Det meiner vi å ha sikra med dette, fortel Myrseth.
Poma Invest og Råna Invest har begge adresse er Sykkylven. Tore Styrkar Utgård er eigar av førstnemnte, medan Berit Ekornes Unhjem og Gunnhild Ekornes Mertens er største eigarar i Råna Invest. Styret i Råna Invest grunngjev selskapet si deltaking i emisjonen med at dei har stor tru på den framtidige konkurransekrafta til bedrifta.

Over budsjett trass korona

Møbelprodusenten har som alle andre hatt ein tøff vår som følgje av koronapandemien, men året starta bra.
Alle dei tilsette var permitterte i april og det meste av mai, men sidan har etterspurnaden teke seg kraftig opp, ifølgje Formfin-sjefen.
– Det har halde fram på høggir, og vi er over budsjett og omsetning per tilsvarande månad i fjor. Tala ser også langt hyggelegare ut, seier Myrseth.
– Ein skal ikkje selje skinnet før bjørnen er skutt, men per no tyder alt på at 2020 blir eit langt betre år, enn dei siste har vore, legg han til.

Les også:


Nyleg tilsett fleire

Hundeidvik-bedrifta lagar i hovudsak sofaer, og dei fleste blir selt gjennom Bohus og Skeidar-butikkane, men også gjennom enkeltståande butikkar.
Dei fleste av dei 42 tilsette kjem frå lokalmiljøet i Sykkylven. Nyleg har dei også tilsette fire nye, etter litt naturleg avgang.
– Det gjer vi fordi etterspurnaden er så høg, seier Myrseth.

Målet er nye marknader

Myrseth fortel at han har tankar om kvar bedrifta kan gå vidare, men viser til at det nye styret må få avgjere det.
– Vi held fram etter dagens mal, men ønsker å vekse - og rigger oss for det. Måla er å finne nye marknader, utan at eg vil vere konkret på det no, fortel han.

Les også:




Vi er over budsjett og omsetning per tilsvarande månad i fjor. Tala ser også langt hyggelegare ut

Publisert: 03.09.2020 11:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02