Ny kapitalutviding i Atlantic Sapphire
Vil hente 370 millionar kroner.
Målet er at kapitalutvidinga skal vere fullført innan klokka 08 fredag 1. mars. Kursen i kapitaltutvidinga blir fastsett ut frå interessa for å vere med.
Atlantic Sapphire har forretningsadresse i Vestnes kommune, men driv landbasert lakseoppdrett ved Miami i Florida. Selskapet har hatt ei rekkje problem med drift og utbygging, som gjer at det ligg langt etter sine opphavlege framdriftsplanar.
Dei 35 millionar dollarane - cirka 370 millionar kroner - selskapet no vil hente inn skal betale for å fullføre første byggesteg og fase i utviklinga av selskapet og generelle formål, ifølgje børsmeldinga.
Storaksjonærar, som Nordlaks Holding, Strawberry Equities (Petter Stordalen) og Blue Future Holding er med og garantierer for at kapitalutvidinga blir gjennomført.
Atlantic Sapphire har leigd inn Artic Securities og DNB Markets til å hjelpe seg med kapitalutvidinga.
I dag kursen i Atlantic Sapphire med 2,7 prosent, til 1,44 kroner aksjen. Det verdset selskap til 1,1 milliardar kroner.
Publisert: 29.02.2024 16:37
Sist oppdatert: 29.02.2024 17:20