Nytt
Ny Kleven-kontrakt på kjempeyacht
Verftet skal utruste eit 290 meter langt skip med luksusbustader.
Marius Rosbach
15.05.2020
Kleven verft har fått meir jobb via eigarane i DIV Group på utrusting av ein «residentyacht» - i realiteten eit cruiseskip – som skal leverast i 2024, ifølgje ei sendt ut fredag.
Kontrakten kjem til verftet via dei nye eigarane i DIV Group og det meste av stålarbeidet og ein betydeleg del av dei tekniske installasjonane skal gjerast ved Brodosplit-verftet i Kroatia.
Deretter skal skroget slepast til verftet på Sunnmøre, der Kleven skal fullføre det tekniske arbeidet og innreiinga av det som blir 118 luksuriøse bustader på vatnet.
– I desse usikre tider er eg glad for å bekrefte at vi har full støtte frå myndigheitene i både Kroatia og Norge, som deler vår interesse for dette viktige prosjektet. Det kjem til å sysselsette tusenvis av dyktige menneske i åra som kjem i mange fagfelt, alt frå sveisarar til ingeniørar, uttalar Debeljak som er styreleiar og administrerande direktør i DIV Group.
Ifølgje pressemeldinga vil prosjektet sysselsette kring 2600 arbeidarar ved Brodosplit-verftet i Kroatia og Kleven.
Den Malta-baserte nordmannen Kristian Stensby er styreleiar og administrerande direktør og seier i pressemeldinga at den neste milepålen for prosjektet, er at det tek steget frå teiknebrettet over til bygging.
Skipet blir omtala som «The Finest Address. Everywhere in the World» og skal segle under NIS-flagg. Det vil ha moglegheit til å nytte ulike type drivstoff og vere laga slik at det enkelt kan konverterast til drivstoff med lågare, eller nøytralt karbonavtrykk, ifølge pressemeldinga.
Nordmannen har mellom anna vore involvert i arbeidet med ekspedisjonsskipa Hurtigruten har bygd på Kleven, og det kombinerte yacht og forskingsskipet REV Ocean som Kjell Inge Røkke har .
(Denne artikkelen er republisert etter at NETT NO fekk tekniske problem fredag ettermiddag)
Kontrakten kjem til verftet via dei nye eigarane i DIV Group og det meste av stålarbeidet og ein betydeleg del av dei tekniske installasjonane skal gjerast ved Brodosplit-verftet i Kroatia.
Deretter skal skroget slepast til verftet på Sunnmøre, der Kleven skal fullføre det tekniske arbeidet og innreiinga av det som blir 118 luksuriøse bustader på vatnet.
Vil sysselsette kring 2600 arbeidarar
Då den nye Kleven-eigaren Tomislav Debeljak var på besøk i Norge i vinter fortalde han at i arbeid på Kleven innan 2022 og viste til eit større cruiseprosjekt.– I desse usikre tider er eg glad for å bekrefte at vi har full støtte frå myndigheitene i både Kroatia og Norge, som deler vår interesse for dette viktige prosjektet. Det kjem til å sysselsette tusenvis av dyktige menneske i åra som kjem i mange fagfelt, alt frå sveisarar til ingeniørar, uttalar Debeljak som er styreleiar og administrerande direktør i DIV Group.
Ifølgje pressemeldinga vil prosjektet sysselsette kring 2600 arbeidarar ved Brodosplit-verftet i Kroatia og Kleven.
118 luksusbustader om bord
Ocean Residences Development har bestilt skipet som skal ha 118 luksuriøse bustadar om bord.Den Malta-baserte nordmannen Kristian Stensby er styreleiar og administrerande direktør og seier i pressemeldinga at den neste milepålen for prosjektet, er at det tek steget frå teiknebrettet over til bygging.
Skipet blir omtala som «The Finest Address. Everywhere in the World» og skal segle under NIS-flagg. Det vil ha moglegheit til å nytte ulike type drivstoff og vere laga slik at det enkelt kan konverterast til drivstoff med lågare, eller nøytralt karbonavtrykk, ifølge pressemeldinga.
Kjent norsk yachtdesignar
Sjefdesignar for prosjektet er Jean-Louis Stutzmann, som skal jobbe saman med den kjente yachtdesignaren Espen Øino.Nordmannen har mellom anna vore involvert i arbeidet med ekspedisjonsskipa Hurtigruten har bygd på Kleven, og det kombinerte yacht og forskingsskipet REV Ocean som Kjell Inge Røkke har .
Espen Øino:
(Denne artikkelen er republisert etter at NETT NO fekk tekniske problem fredag ettermiddag)
Publisert: 15.05.2020 13:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57