Ny kontrakt i knalltoeff marknad
ABERDEEN: Meir arbeid for Havila Commander, her ved kai i Aberdeen. Innfelt adm. dir. Njål Sævik.
Nytt

Ny kontrakt i knalltøff marknad

Ei rekkje offshoreskip vert lagde i opplag. Havila Shipping kan glede seg over fornya kontrakt.

02.04.2020
- Svært gledeleg, seier adm. dir. Njål Sævik etter at PSV-en Havila Commander har fått forlenga avtalen med Total E&P i Storbritannia med ein fast periode på 18 månader.
- Båten har jobba for det same selskapet sidan april 2012, og det er tydeleg at dei er godt fornøgde med jobben vi har gjort.

Tørke i spoten

Men i spotmarknaden i Nordsjøen er det tørke på oppdraga, og skip etter skip vert lagde til kai.
Havila Shipping har to skip i spotmarknaden, og har frå før tre ankerhandterarar i opplag.
Sævik seier at selskapet følgjer situasjonen frå dag til dag, men det har hittil ikkje vore aktuelt å ta ut fleire skip frå spoten.
- Men dette er noko vi vert nøydde til å vurdere om den negative utviklinga held fram.

- Marknaden er lik for alle

Han viser til at ei rekkje oljeselskap har redusert aktiviteten betydeleg, noko som rammar leverandørkjeda.
- Her ser vi effekten av både koronavirus og ein stup i oljeprisen.
- Det var ikkje dette offshoreselskapa hadde behov for no.
Sævik seier at alle i næringa vert ramma.
- Ja, marknaden er lik for alle aktørane.

Publisert: 02.04.2020 15:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55