Oddbjørn Følsvik Bjør Meek P E Bjørdal foto Ogne
OPPDRAG: Sal- og marknadsjef Oddbjørn Følsvik (t.v) og PE Bjørdal-sjef Bjørn Meek har sikra ein ny kontrakt til selskapet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ny kontrakt til Bjørdal

Skal levere fabrikk til fiskebåt.

20.06.2022

Fiskebåtreiarlaget LHN Fiskeri har bestilt fabrikk frå PE Bjørdal i Ørsta. Fabrikken skal installerast i fiskebåten K Nyvoll. Fartøyet heitte tidlegare Unity, og skal byggast om hos Karstensens Skipsverft i Danmark.

Kontrakten omfattar design, integrering og installasjon av to fabrikkliner, ei for produksjon av sløyd og hovudkappa kvitfisk og ei for produksjon av snøkrabbe, ifølgje ei pressemelding.

Sals- og marknadssjef Oddbjørn Følsvik i PE Bjørdal seier selskapa ikkje går med kor stor kontrakten er i kroner, men seier den tilfører arbeid tilsvarende om lag ein månads produksjon.

PE Bjørdal har dei siste åra lukkast med å vinne innpass i den russiske marknaden, ein marknad som no er i ferd med å gå tapt på grunn av krigen i IUkraina og sanksjonane mot Russland.

-Ordren er viktig for oss og fyller inn for ein del av omsetninga vi ikkje får i Russland i år, seier Følksvik i ein epost til NETT NO.

Publisert: 20.06.2022 14:07

Sist oppdatert: 20.06.2022 14:19

Mer om