Ny kontrakt til Ulstein
SERVICESKIP: Her frå ein tidlegare prøvetur for det første av dei no til saman tre offshore vindmølleskipa frå Ulstein til Bernhard Schulte. Dette er det aller første skipet med X-Stern.
Nytt

Ny kontrakt til Ulstein

Ulstein Verft har inngått ei byggjekontrakt med tyske Bernhard Schulte på eit serviceoperasjonsskip.

Kristin Vidhammer
31.07.2018
Skipet er eit serviceoperasjonsskip (SOV) av type ULSTEIN SX195 design, utvikla av Ulstein Design & Solutions. Fartøyet skal støtte opp under vedlikehaldsarbeidet som GE Renewable Energy har på den tyske vindfarmen Merkur Offshore.
Prosjektet er utvikla i samarbeid med WINDEA Offshore, som er Bernhard Schulte sin partnar på offshorevindprosjekt.
- Ulstein Verft er eit svært påliteleg verft og vi gler oss til å samarbeide med ULSTEIN igjen. Vi har jobba tett og godt saman på to tidlegare prosjekt og begge disse fartøya fungerer svært godt i operasjon, seier Matthias Müller, administrerande direktør i Bernhard Schulte Offshore GmbH i ei pressemelding.
- Vi har tidlegare designa og bygd fleire skip innan fornybar energi. Berekraftig vekst er svært viktig for oss og vi ser fram til å jobbe saman med Berhhard Schulte, som er ein svært påliteleg og viktig aktør innan dette feltet, seier konsernsjef i Ulstein Group, Gunvor Ulstein i pressemeldinga.

Ulsteins tredje skip til Bernhard Schulte

- Dette blir vårt tredje serviceoperasjonsskip til Bernhard Schulte og det skal leverast tidleg i 2020. Dei to første blei levert i 2016 og 2017. Vi skal gjere vårt beste for å oppfylle forventningane deira også denne gangen, kommenterer administrerande direktør Kristian Sætre i Ulstein Verft vidare.
Fartøyet er av typen SX195 design, utvikla av UDS over tid, er modifisert for å oppfylle spesielle krav i GE Renewable Energy-tenderet og skipseigaren sine ulike val av utstyr.
Bernhard Schulte er eit familieeigd selskap med over 135 års erfaring innan eigarskap og drift av skip. Selskapet har aktivitet over heile verda og sysselset 18000 sjøfolk og 1500 personar på land, eig omlag 100 skip og driftar meir enn 630 skip.
WINDEA Offshore er ein joint venture av selskapa Bernhard Schulte, BUSS Offshore, EMS Maritime Offshore og SSC Wind. WINDEA tilbyr spesialiserte løysingar for arbeid på offshorevindfarmar.
GE Renewable Energy har brei og produkt- og serviceportefølge innan fornybar energi. Ved å kombinere vind på land og offshore vind, hydro og nyskapande teknologi som solkraft og turbinblader, har GE Renewable Energy installert meir enn 400 + gigawatt kapasitet globalt. Dei har over 22.000 tilsette i meir enn 55 land.

Publisert: 31.07.2018 10:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24