Nytt
Ny lokal eigar inn i Notabene-butikkar
Heimflytta bokgründer skal drive netthandel og minikjede på Moa, Ulsteinvik, Måløy, Molde og Vestnes. – Ønsker ein lokale butikkar, må dei brukast, påpeiker han.
Marius Rosbach
09.01.2020
Ålesundaren Harald Enersen skal drive fem Notabene-butikkar på Nordvestlandet vidare etter konkursen i bokhandelkjeda.
Enersen stadfestar til NETT NO at han går inn som eigar av butikkane på Moa i Ålesund, Blåhuset i Ulsteinvik, Moldetorget, Måløy og Vestnes gjennom eit nytt selskap. I tillegg blir det lansert ny netthandelbutikk på Notabene.no om få veker.
– Og ønsker ein lokale butikkar, må dei brukast. Det er mange fordelar ved å ha ein fysisk butikk i lokalmiljøet. Det er også godt etablerte butikkar med dyktige tilsette og som tradisjonelt har hatt gode resultat, seier han til NETT NO.
Til saman har butikkane kring 20 tilsette. Notabene-profilen blir vidareført, men dei vil samtidig vere Norli-medlemmar.
– Vår suksessfaktor blir å sørge for at kundane får opplevingar, service og produktutval som gjer at de føretrekk dei fysiske butikkane framfor store nettaktørar som kun konkurrerar med pris, og lager store miljøavtrykk, seier Enersen.
Henersen som tidlegare har bygd opp Bokkompaniet og Boklageret, kom inn undervegs i dei tøffe tidene. Då bokhandelkjeda , var han styreleiar.
«Konkursekspertane» i , men bestemte seg før jul at dei ville selje åtte butikkar av 44, og legge ned resten.
– Desse viste seg dessverre ikkje levedyktige og det var ingen reelle kjøparar til dei, fortel finansdirektør Bjørn Leiknes i Jotunfjell til NETT NO.
Mellom desse var Stryn-butikken, som
– Ei landsdekkande kjede, som Notabene var, har også vanskelegare for å gjere lokale vurderingar. No vil vi ha meir fokus på det, og eg trur vi vil vere betre rigga, mellom anna ved at butikksjefane får auka ansvar, fortel han.
Alle dei fem butikkane har i dag også leiketøy som ein del av vareutvalet – og det vil bli større. I løpet av dei neste vekene vil alle butikkane få ei ansiktsløfting.
Enersen stadfestar til NETT NO at han går inn som eigar av butikkane på Moa i Ålesund, Blåhuset i Ulsteinvik, Moldetorget, Måløy og Vestnes gjennom eit nytt selskap. I tillegg blir det lansert ny netthandelbutikk på Notabene.no om få veker.
Trur folk vil ha fysiske butikkar
Den tidlegare Oslo-baserte bokgründeren er tilbake i heimbyen. Han fortel at tru på at lokalsamfunna ønsker seg fysiske butikkar er bakgrunnen for satsinga.– Og ønsker ein lokale butikkar, må dei brukast. Det er mange fordelar ved å ha ein fysisk butikk i lokalmiljøet. Det er også godt etablerte butikkar med dyktige tilsette og som tradisjonelt har hatt gode resultat, seier han til NETT NO.
Til saman har butikkane kring 20 tilsette. Notabene-profilen blir vidareført, men dei vil samtidig vere Norli-medlemmar.
– Vår suksessfaktor blir å sørge for at kundane får opplevingar, service og produktutval som gjer at de føretrekk dei fysiske butikkane framfor store nettaktørar som kun konkurrerar med pris, og lager store miljøavtrykk, seier Enersen.
Les også:
Fire av seks Vita-butikkar berga:
Vil selje åtte butikkar
Ålesundaren erkjenner samtidig at dei er i ein vanskeleg marknad, som mykje varehandel elles. Etter å ha vore oppe i fleir enn 150 butikkar for berre få år sidan, fekk Notabene-kjeda økonomiske problem.Henersen som tidlegare har bygd opp Bokkompaniet og Boklageret, kom inn undervegs i dei tøffe tidene. Då bokhandelkjeda , var han styreleiar.
«Konkursekspertane» i , men bestemte seg før jul at dei ville selje åtte butikkar av 44, og legge ned resten.
– Desse viste seg dessverre ikkje levedyktige og det var ingen reelle kjøparar til dei, fortel finansdirektør Bjørn Leiknes i Jotunfjell til NETT NO.
Mellom desse var Stryn-butikken, som
Les også:
Meir lokalt fokus
Dei fem tidlegare Notabene-butikkane på Nordvestlandet har hatt noko samarbeid tidlegare, men Enersen har planar om at det skal bli tettare.– Ei landsdekkande kjede, som Notabene var, har også vanskelegare for å gjere lokale vurderingar. No vil vi ha meir fokus på det, og eg trur vi vil vere betre rigga, mellom anna ved at butikksjefane får auka ansvar, fortel han.
Alle dei fem butikkane har i dag også leiketøy som ein del av vareutvalet – og det vil bli større. I løpet av dei neste vekene vil alle butikkane få ei ansiktsløfting.
Les også:
Publisert: 09.01.2020 05:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:49